Katt på balkongmur

Husdyra i Afrika

Eg tenkte at kjæledyr skulle gjere overgangen til nytt land triveleg for familien. Dyra gjorde i alle fall kvardagen meir dramatisk.

– Få deg ein hobby, seier han. Han har vore misjonær i mange år. Han har skrive bok om misjon. No står han og underviser nokre titals nye utsendingar. Fortel korleis finne seg til rette i eit nytt land.

 

Ny heim

Vi landar i Nairobi. Eg går barbeint på den raude jorda. Minna frå barndommen i Etiopia kjem tilbake. Eg ser for meg duene eg hadde i Addis Abeba. Som sirkla over hustaka. Som åt frå handa mi.

Eg snakkar med ungane, som raskt blir gira. Ungane får eit par duer kvar. Tiåringen har Mashi og Beauty. Sjuåringen har Lilleklaus og Måsegeir. Femåringen har Mjau-Ramp og Sjoko. To ganske nyklekte dueungar mistar foreldra. Vi tek dei inn i huset i ei pappeske. Matar dei for hand i vekesvis.

Kyllinger
Anders

Katt! Eg hadde alltid katt i barndommen. Mine barn har vekse opp i blokk. No har vi sjansen. Den første katten blir høgt elska av barna. Den forsvinn. Vi skaffar raskt to nye. Eg kjenner ein aukande trivsel i dette nye landet.

  

Balkong-drap

Vi skal flytte til kysten. Ungane er bestemt. Om dei skal flytte, skal dyra med. Å skulle bu i blokk er ingen hindring. Eg køyrer til kysten med duer og kattar i bilen. I blokka får artane kvar sin balkong.

Men kattane finn vegar. Tek duene ein etter ein. Den siste flyttar ut til dei ville fuglane.

Katt på tak
Anders

Utskjelt

Nye naboar kjem til i blokka. Kattane våre snik seg på besøk. Naboane hatar kattar. Skuldar på allergi og religion. Dei skjeller oss ut. Vi har ikkje noko val.

 

Kva no?

Duene er vekk. I går blei kattane gitt vekk. Eg har ein snikande heimlengsel.

  

Anders Myklebust, utsending ved kysten i Kenya.

 

Utsending i Østlige Afrika