Utsikt over gate

Såtid i ein kaotisk bydel

Kvar dag og kvart besøk er ulikt her i denne bydelen. Men me ryddar stein og får så frø – og me får vere Gud sine lys i folks kvardagsliv.

Ein dag i veka er eg på ein klinikk som driv med heimebesøk/heimesjukepleie.

Overgangen frå heimesjukepleie på Jæren til heimesjukepleie her, den er stor. Det er vanskelegare å finne likskapar enn ulikskapar. Dagen begynner ofte med at fleire av oss kjem litt seint til kontoret, på grunn av trafikk-kork. 

   

Variert arbeidskvardag

Når ein skal planlegge dagen, er det mange omsyn å ta, som å unngå å komme midt i bønnetidene, eller me må vente på ein slektning som kan vere med som tolk. 

Me slepp å sjekke om bilen har drivstoff, for her går me. I gater fulle av folk og søppel, med rop etter meg med enten «mzungu» (kviting), eller frieri, finn me fram til mange ulike typar bustader, både flotte blokker, små krypinn og skur.

Før me går ut, tar me ei fem-minutters bønnestund. Utruleg flott å kunne legge dagen og pasientane i Gud sine hender. 

   

Må vere fleksible

Ofte har me planlagt tre-fire besøk, men sjeldan går ting som planlagt. Enten er pasienten vekke, ønsker ikkje besøk av oss, eller tolken er på madrassa (koranskule), så me må komma seinare, eller ein anna dag.

Me har fleire pasientar me følger opp kvar veke, hjelper med ulike øvingar og gjev ut medisinar for ei veke eller meir. Nokon gonger har dei nye utfordringar dei vil drøfte, og ofte blir blodtrykk målt.

  

Alltid noko spennande

Neste veke er plutseleg heilt annleis, då har me fire nye besøk eg ikkje har vore på før. Eit av dei går ut fordi pasienten var opptatt, så me sett inn ein av dei faste tilsyna me har. Dei andre tre tilsyna ynskjer alle tilsyn etter klokka tretten. Og det får dei! Det er pasienten som bestemmer her.

Eine plassen treng me dottera som tolk, dei andre to er barn som har vore på skulen, så derfor er det lett å gjere som dei ynskjer. Når me kjem, finn vi rett nok ut at ingen av desse barna har vore på skulen, men slik er det berre. 

Det er eit spennande tilsyn hos to barn med spesielle behov. Det står ikkje på draumane til han eine på ti år – mora ynskjer at han skal bli pilot, han sjølv vil bli profesjonell fotballspelar! Han har ei utfordring, han har ikkje styrke i beina til å gå skikkeleg oppreist. Så han har litt å jobbe med, men viktig å ha eit mål! At han i alle høve skal kunne vere med kompisane å spele fotball, det har fysioterapeuten tru på.

Hender holder rundt barneføtter
Privat

Stort å vere med på

Å få komme heim til folk, dei viser oss heimane sine, med ulike standard, der me får bli ein del av kvardagen deira og får dele gleder og sorger, utfordringar og måloppnåingar, det er stort! Og av og til får nokon i teamet vere med å be for enkelte av desse pasientane som ikkje har same tru som oss.

Å få vere med her, å få vere Gud sine lys midt i denne kaotiske bydelen, med folk overalt, det er stort og kjenst veldig meiningsfullt. Me har rydda stein, og no har me så smått begynt å så venleik og omsorg. Måtte Gud la det vokse, så nokon i neste omgang kan kome og hauste!

 

Skrevet av «Jenny» i Østlige Afrika.

Utsending i Østlige Afrika