Talgje

Talgje Misjonsforsamling er i gang

Etter fleire samtalar og samlingar i mange månader på førehand, såg Misjonslaget behov for eit kristent fellesskap på Talgje med «full pakke» frå vogge til grav - med tilbod både om dåp, nattverd, konfirmasjon og ekteskapsvelsigning.

algje Misjonslag gjekk over til Talgje Misjonsforsamling på stiftingsmøte allereie 6. juni i år.

Søndag 9. september markerte offisiell start både for arbeidet i Talgje Misjonsforsamling og for haustsemesteret. Samtidig var det 100 års jubileum for Daggry misjonsforeining, ei foreining som svært mange av kvinnene på Talgje har vore med i. Kåre Ekroll leia festen, medan Torhild Østebø fortalde om farne tider for 100-års foreininga.

Over 90 personar hadde funne vegen til Talgje bedehus denne ettermiddagen, også gjester frå naboøyane. Det vart ein fest som både gav inspirasjon til - og perspektiv for arbeidet vidare. Wenche Lunde tala, GladSang og Kristine og John Olav Selstø song.

Talgje Misjonsforsamling er tilslutta både NLM og IMF, og dei regionale leiarane i begge, Kolbjørn Bø og Torgeir Lauvås, kom begge med helsingar, saman med Kjell Nes, Ombo.

Ca. 40 medlemmer har meldt seg inn i forsamlinga foreløpig. Det er vår bøn at Talgje Misjonsforsamlinga må bli til frelse, velsigning og hjelp for folket på Talgje – både skrivne medlemmer og andre.