Kor, Peru

Sommar, sol og feiringar

Det er oktober. Ein elles kald og litt guffen månad, i alle fall på norsk jord. Blada på trea fell av, og det blir litt mørkare og kaldare for kvar dag. Sånn er det ikkje i Peru.

På den andre sidan av ekvator står trea i full blom, det er grønt, og det blir litt varmare og litt lysare for kvar dag. Snart er sommaren her. Sommar betyr førebuing til leir både for barn og ungdom. Sommar betyr også skulefri. Det betyr sand, solkrem og caps. Det betyr også å drikke dobbelt så mykje vatn som vanleg. Sommaren er på anmarsj, og vi gler oss over at vi enno ein gong skal få moglegheit til å arrangere leir for barn og unge som enno ikkje kjenner Jesus, og som kan få bli betre kjent med han. I år blir temaet «eldfluger» – om å vera lys i verda.

Elles har oktober vore full av jubileum og feiringar. Reformasjonsdagen er viktig her. Halloween er også viktig. Men i staden for å feire «dei døde sin dag» feirar ein fødselen av den luthersk-evangeliske kyrkja, der til dømes Bibelen vart tilgjengeleg for alle, og ikkje berre var på latin. Der ein ikkje kunne kjøpe tilgjeving for synder, men måtte ta imot alt «berre av nåde», «berre ved tru». Ein dag verdt å feire!

Skulane våre har også feira at dei har fylt 26 år, Diego Thomson, og 4 år, El Mirador Aqp. Er det noko dei kan, så er det å feire. Alt frå talentkveldar til høgtidelege seremoniar, og til fellesgudsteneste og konkurransar internt på skulane. Eg har fått sett elevar i resirkulerte klede, laga av papp og plastikk, og høyrt historier fortalde på den mest kreative måten. Eg har til og med fått vere med og spelt Goliat og modell på ein og same kveld. Ein kan i alle fall ikkje ta seg sjølv høgtideleg når ein bur her.
Her i Peru, går vi mot sommar og varmare tider. Men bodskapen som vi kjem med og som vi har, er den same i kalde Noreg og varme Peru. Måtte vi utnytte den dyrebare tida godt, fram mot vinter og fram mot sommar.