Lars Kjetil

Frå talarstol til førarsete

Fra oktober til april er Lars Kjetil Emblem forkynner. Fra april til september er han trailersjåfør.

Du har kanskje sett han bak talarstolen på bedehuset, der han med si milde røyst har forkynt og forklart dei bibelske sanningar med djupne og truverd, utan fakter og triks. Kanskje høyrde du ord som lov og evangelium, rettferdiggjering og forsoning. Kanskje har du høyrt han, med eige gitarakkompagnement, gledde tilhøyrarane med ein song eller salme. Ikkje på engelsk, ikkje av dei aller nyaste, men med klare kvalitetar i innhald, språk og melodi. Kanskje har du etter møtet fått samtale med ein som var kunnskapsrik, ein som lytta og forstod, - og som hadde ord som trøysta og viste veg.

Men det du kanskje ikkje veit er at han låg bak deg, med pilotbriller og trønderbart, i eit 50-tonns vogntog sist du var ute og køyrde. Når markane grønkast og vårsola skrur opp varmen byttar nemleg Lars Kjetil stol.

Sidan 1981 har Lars Kjetil Emblem, frå Emblem utanfor Ålesund, vore forkynnar. Først  tilsett i Sunnmøre og Romsdal krins av NLM, og no i det som heiter Region nordvest. Like lenge har han køyrt trailer, på halvtårsbasis, frå april til september.

Det har vel begynt å rykkje litt i gassfoten eller kva Lars Kjetil?

Ja, når kveldsola skin inn gjennom bedehusvindauga når eg skal preike, då kan eg kjenne på det. Det er noko som dreg ut på vegen att.

Er det ikkje ein litt underleg kombinasjon dette, forkynnar og trailersjåfør?

Tja, dei som har ein del fordommar om kva ein forkynnar er for noko synest kanskje det.  Fordommane om trailersjåførane er vel der også. Men eg er no menneske og kristen begge plassar eg.

Korleis opplever du denne vekslinga mellom to veldig forskjellige typar arbeid?

Det er to sider ved det. Det er godt å få koble fri ei stund frå kontinuerlige førebuingar til møter og bibeltimar og saker som heile tida ligg framom. Og så opplever eg det nyttig og lærerikt for eigen del å leve som ein kvardagskristen i eit anna miljø, der nesten ingen vedkjenner trua på Jesus. Som “forkynnar” hender det då at eg møter meg sjølv i døra. Alt dette gir meg impulsar tilbake mot forkynnartenesta mi i vinterhalvåret.

Men er det ikkje mykje viktigare å forkynne dei gode nyheitene enn å køyre bananar til Trondheim? 

Nei, det er det ikkje. Dersom ikkje nokon køyrer bananar og andre matvarer, så vil dei fleste i Norge svelte og lide naud. Her vil sjåføren snakke om Luthersk kallsetikk. Å køyre bananar er ei teneste for Gud, ei teneste for medmenneska mine, og Guds gåve til sjåførens livsopphald. Og når det gjeld å forkynne dei gode nyheitene om Jesus, så er der mange gode anledningar til det i sjåføryrket, som i dei fleste andre yrke. Det kjennest berre litt meir ubehageleg enn å stå trygt bak ein talarstol. Slik eg ser det, handlar kvardagskristendom om integritet, at der er samsvar mellom livet eg lever og orda eg seier.

Ser du fram til ein ny sesong bak rattet?

Ja, det gjer eg. Sjølv om eg ikkje er heilt ung lenger, og det kan vere eit travelt og stressande yrke, så er det noko som dreg meg ut på vegen igjen. Det set seg liksom litt i blodet.

Takk for praten, Lars Kjetil. Nokre kloke ord til slutt?

Vi las ei andakt heime for ei tid tilbake. Der vart dette spørsmålet stilt: Viss ikkje du skal fortelje andre om Jesus, kven skal gjere det då? Det vil eg prøve å ta med meg vidare i eige liv. Det må vi alle gjere, som trur på Jesus.