Mathias og Randi Johanne

3 om KRASP

KRASP fyller 30 år og KAIROS 35 no i september. Det er som vanleg spenning før start på ny haust.

Vi har bedt tre leiarar i KRASP skrive litt om kva fellesskapet der har betydd for dei.  Liv-Margrethe og Randi Johanne avslutta som dirigentar i kvar sitt kor.  Så har dei gått bibelskule og har no flytta til Bergen og Trondheim for å studere.  Vi spurde begge om dei hadde lyst å begynne på att som dirigentar.  Begge svara ja!   Den tredje er Reidun, 16 år og ny som leiar, men allereie med dirigenterfaring frå barnekor og TenSing.  Dette får ho også prøve seg på i KRASP.

Jeg heter Randi Johanne Sæther og har nettopp begynt med ingeniørstudier i Trondheim. På siden av det skal jeg være med som dirigent i KRASP-nord. Jeg har tidligere vært med som dirigent, men har hatt et pauseår på Ansgar Bibelskole i Kristiansand. 

Min deltakerkarriere på KRASP har nok vært kortere enn de fleste, siden min første og siste helg var våren i 8. klasse. Deretter vart det KAIROS fra 9. klasse av. 

I 2. vgs fikk jeg spørsmålet om å bli med som dirigent i KRASP. Jeg hadde ingen direkte erfaring med dirigering, men hadde vært med i både kor og orkester. Derfor var det veldig kjekt å få spørsmålet. Men jeg var både nervøs og spent på hvordan jeg skulle klare dette…

Når jeg ser tilbake på tida i KRASP har jeg fått prøve og feile i trygge rammer. Det er til tider utfordrende og travelt, men det har vært en plattform der jeg har fått vokse både i tro og som menneske. I tillegg får man bli kjent med en helt fantastisk gjeng med ledere og deltakere - og legge et trosfundament i livene til 30-50 ungdommer! Det er nok nettopp derfor jeg velger å komme tilbake som leder dette året også.

 Saman med meg kommer også tidligere KRASPsør-leder Mathias Bakken. Vi møttes på et planleggingsmøte en høst før felleshelg, og har siden gått inn i rekkene som et KRASP-par.  I år er første gang vi skal være ledere i samme kor. Og for alle som er kjent med Nord/Sør-rivalisering må det nevnes at det alltids er en seier å konvertere noen til sitt kor ;)

Liv Margrethe og Reidun
privat

Mitt namn er Liv-Margrethe Muren Ulvund og eg kjem frå Gjerdsvika på søre Sunnmøre. Eg fyller snart 21 år og etter to år på Bildøy bibelskule er eg no i gong med eit årsstudium i psykologi i Bergen. 

Mitt tidlegaste KRASP-minne går tilbake til før eg sjølv var gammal nok til å gå i koret. Eg hugsar at eg høyrde KRASP synge i kyrkja i Fosnavåg.  Der helsa eg på ein trivelig Ole Audun Os, og fekk eg begynne i koret når eg vart gamal nok. Eg har mange gode minne frå KRASP, både som deltakar og som leiar og dirigent. Det er vanskeleg å velje blant alle minna, men eg hugsar spesielt korøvingane, det gode fellesskapet og dei trygge leiarane frå åra som deltakar. Og det at eg som deltakar fekk diplom for å vere med på alle helgene frå 6.-8.klasse seier jo noko om trivsel tenkjer eg! Det er dette som innerst inne har inspirert og motivert meg til å bli med som leiar og dirigent i år også.

Eg kjenner at eg har ein brann for å bidra til at dei som no går i koret skal få oppleve det same som eg gjorde.  For KRASP har betydd utrulig mykje for det som fortsatt er viktig i livet mitt, nemleg trua! Ein trygg plass å vere - med gode førebilete, viktige relasjonar, masse gøy og ikkje minst med fokus på Jesus! Å få bety noko for nokon i så ung alder er ei livserfaring eg ikkje vil vere forutan.  Å ha rolla som dirigent er jo også kjempestas, kjensla det er å stå og dirigere koret er berre så fantastisk!

KRASP er ein god stad å vere for både deltakarar og leiarar, og eg gler meg stort til å endeleg få vere i lag med koret igjen! 

Namnet mitt er Reidun Moltubak og eg kjem frå Ørsta.  Eg går no i 1 klasse på musikklinja på Volda Vidaregåande, og he det utrulig kjekt der. Eg starta i KRASP då eg gjekk i 7. klasse, altså for 4 år sidan. Nokre venner som var med i koret og ein av dei greidde å lure meg med på ei helg, og då var det gjort! Frå då av var eg med på KRASP til eg slutta i 9. klasse.  Eigentleg var det eit år for mykje, men eg valde å spørje om å få gå eit år til - fordi det var så kjekt og betydde mykje for meg! No, eit år etter eg slutta, har eg fått spørsmål om å vere med som leiar, noko eg takka ja til nesten med ein gong! KRASP er noko heilt for seg sjølv. Det var utruleg kjekt å vere der av fleire grunnar. For min del var det kristne fellesskapet veldig viktig. Vi snakka om vanskelige og fine tema kvar helg. Vi song i kor og opptrådte med det vi hadde øvd på for andre folk. Vi var med å spre god bodskap og glede. Kvar helg gjorde vi noko nytt, enten det var å lære nye songar, kle oss ut som aldri før, synge ein ny plass, ja til og med ete middag frå andre land og mykje mykje meir. 

Det er fleire grunnar til at eg takka ja til å vere med som leiar. Då eg var med i KRASP syntes eg det var så kjekt med alle leiarane som var snille og møtte kvar og ein av oss. Eg takka JA til å vere med nettopp fordi eg har lyst til å bety noko for dei som er med på KRASP, slik leiarane mine betydde noko for meg. Eg elskar å vere saman med born i den alderen, og eg elskar å synge og vere med i et kristent fellesskap, akkurat som i KRASP!

 

Flyer Krasp høsten 2019