Damene koser seg

Damedag på Ørsta bedehus

«Det går ein veg, og det finst eit folk som går på han, og vegen fører til himmelen»  Det var noko av det forkynnaren delte på misjonstimen, «og vi skal invitere menneske til å gå saman med oss på den vegen til himmelen».  Ho formidla frå arbeidet i Kenya, og frå landsbyen der den unge Maria som var enkje budde. Ho som så dristig og på ein så tillitsfull måte valte å stole på Guds omsorg i det daglege.

Bibeltimen og misjonstimen handla om tillit til Gud og om hans omsorg for sitt folk i verda, og at han kallar oss til å invitere nye menneske til å verte med i fylgjet som er på veg til himmelen.

Det er god plass i himmelen, blei det understreka, og himmelen er så mykje større og herlegare enn vi kan førestille oss. Det er som om Jesus ventar på oss, og når eit menneske kjem inn så er det som om han ser på oss og seier; «Der er du ja, endeleg, velkomen hit».

Damedagen på Ørsta bedehus har vorte ein tradisjon no. Med bibeltime, misjonstime, god tid til kaffe og lunch pause, og til slutt middag. «Det har vore veldig fint å vere her i dag», var kommentaren frå ei av deltakarane, «eg vil kome att neste år».

3 damer står i bresjen for damedagen + underteikna som har kokt kaffi.

Det var 33 deltakarar.  Torill Risa Hagen gledde forsamlinga med song, og tilreisande talar var var ein tidligare misjonær i Kenya.

SD