Rolf Gunnar Heitmann

Kven er Guds folk?

Rolf Gunnar Heitmann har vært i Ørsta Volda Misjonsforsamling og talt om Guds veg med Israel

"Heile Israel skal bli frelst"

Rolf Gunnar Heitmann var gjestetalar i Ørsta Volda Misjonsforsamling første søndagen i faste. Han talte på gudstenesta og hadde to bibeltimar på ettermiddagen. Temaet var frå Romarbrevet kap. 9-11 som handlar om Guds veg med Israel.

Han stilte forsamlinga eit spørsmål: «Kven er Guds folk?» – og han svarte sjølv – «det er Israel».  «Men kva då med den kristne forsamling, med deg og meg som trur?» – fortsette han. «Den logiske slutning er vel då at vi ikkje kan vere Guds folk sidan vi ikkje er jødar», sluttar han av.  «Men slik er det ikkje», seier han.

Problemstillinga han reiser illustrerer mykje av det som er hovudtemaet i desse kapitla.  Heitmann la ut tekst for oss og forklarte:

Israel er Guds utvalde folk om dei i tru tek imot Jesus Kristus (2. Mos 19:5-6)  På same måten vert vi som ikkje er jødar til Guds utvalde folk fordi vi trur på Jesus og han viser til 1.Pet 2:9. Ingen er utvalt til frelse om ein ikkje er poda inn i stamma  og har forbinding med rota som er Kristus (11:6). Manglar denne forbindelsen med rota vert greina hogga av, og det er dette som er tilfelle for mange Israelittar.  Men dei kan verte poda inn att i stamma om dei trur (11:23).  Og det er dette som er Israelsmisjonen sitt kall. Å forkynne evangeliet til det jødiske folk så dei kan tru på Jesus Kristus.  På den måten vert Israelsfolket på nytt innpoda i stamma og kjem i forbindelse med rota som er Kristus, og slik får dei del i Guds velsigning og frelse.   

Innhaldet i Romarbrevet 9-11 løftar fram at Guds lovnadar til Israel står fast, og at hans velsigningar og frelse er knytt til trua på Kristus, det gjeld for Israel på same måte som for den kristne kyrkje.  Slik har den kristne kyrkje ved trua på Jesus vorte innpoda i stamma og fått del i same lovnadane som Israel. Guds lovnadane til Israel står ved lag, men er utvida til også å gjelde alle folk og etniske grupper på jorda. Den kristne kyrkje er derfor ikkje ei erstatning for Israel, som om Israel og det jødiske folk ikkje lenger har eller skal ha ein funksjon i Guds plan. Diverre er dette ei forståing som synest å ha kom inn i den kristne kyrkje si tenking allereie så tidleg som på 200 talet, seier Heitmann. 

Israelsmisjonen vart starta i 1844 og dreiv misjon blant jødar i ulike land, i dag er misjonsarbeidet konsentrert til Israel.   

Det er i dag få messianske jødar, kanskje ikkje meir enn ca. 15 000, det er 0,25 % av den jødiske befolkninga. Derfor vil vi drive misjon for å gi evangeliet tilbake til Guds folk. Det som er gledeleg er at mange jødar gjennom misjonsarbeidet no får kunnskap om Jesus, og mange trur i løynd at han er Guds Messias. Eg trur at ein dag vil mange jødar stå fram å vedkjenne trua på Jesus som sin frelsar og på den måten verte eit lys for folkeslaga, seier Heitmann.

Rolf Gunnar Heitmann er i dag seniorkonsulent i Den Norske Israelsmisjonen, han har tidlegare vore generalsekretær. Vi vil oppfordre til å be for det jødiske folk og for Israelsmisjonens sitt arbeid i Israel.