PC-skjerm med videosamtale

Historisk nettkonferanse i Japan

– Dette må vere den kortaste konferansen i historia! utbraut ein av deltakarane rett før vi logga av. Den fire dagar lange misjonærkonferansen vart korta ned til nokre timar den 31. mars.

Som det meste anna denne våren vart også den årlege misjonærkonferansen avlyst. Vi hadde gledd oss til å møte kvarandre på Hiruzen og å få lytte til forkynning ved gjestar frå Norge og Finland, men det får vi ha til gode. Takka vere teknologien kunne vi likevel gjennomføre nødvendige konferansesaker.

Stedlig representant Eivind Jåtun og styreleiar Leifur Sigurdsson ønska oss velkomne frå kontoret i Kobe. Vi andre sat heime framfor kvar vår datamaskin.

Jåtun opna med Salme 31, 16: «I di hand er mine tider» og minna oss på å nytte den dyrebare tida godt og gjere det beste ut av den situasjonen vi er i. Dette er ei tid for å vere stille og bruke tid i bøn, understreka han.

 

Ny misjonær og nye styremedlemmer

Gjennom programmet Teams kunne vi alle vere med på dataskjermen. Også borna kika fram innimellom. Ved hjelp av eit anna program stemde vi anonymt over dei ulike rapportane og valde representantar til styre og råd.

17 deltakarar var med på konferansen. Caroline Kazuko Thorsen vart spesielt ønska velkommen som NLM-misjonær frå 1. april.

Leifur Sigurdsson (ILM) får med seg Marius Bergersen og Jüri Perendi (FLOM) som nye medlemmer i feltstyret.

NLM er med i eit mangfaldig arbeid saman med Vest Japan Evangelisk Lutherske Kyrkje. Representantar for bibelskulen, seminaret, mediearbeidet og Hiruzen Bible Camp sine styre vart også valde.

Sommaren 2019 vart det tilsett ein japansk barne-og ungdomsssekretær som arbeider i team med misjonærar. I samband med rapporten frå barne- og ungdomsteamet fekk konferansen eit innblikk i utfordringane dei står i.

 

Samlast fysisk seinare i år

Misjonærkonferanse på nett er ei praktisk løysing, men behovet for å samlast blir ikkje dekka på denne måten. Det får vi ta igjen seinare. Då får vi også ta eit samla bilete av heile flokken.

Takk til misjonsfolket som står med i forbøn og offer!

 

Her er nokre glimt frå konferansen:

Skjermdump av videosamtale
Inger Valbø
Skjermdump av videosamtale
Inger Valbø
Skjermdump av videosamtale
Inger Valbø