
"Slik har vi det i 'Dalen". Mange frå forsamlinga i Engesetdal Misjonshus stansa igjen til is og kaffi etter møtet 14. juni. Gleda over å møtast igjen var tydeleg.
Vi ser ikkje kva vi har før vi mister det. Ein vår med stengde fellesskap har vore ei læretid for oss som er vane med å samlast fritt og uhindra. Kanskje forstår vi no betre dei som ikkje har lov å samlast om Guds Ord. Det har vi hatt godt av, for gleda har vore stor no når vi har fått møtast igjen. Litt usikre er vi, når vi ikkje har lov å ta kvarandre i handa - og klemmekulturen har fått seg ein knekk – men det finst andre måtar å vise kjærleik og gjensynsglede.
Bildet er frå forsamlinga i Engesetdal Misjonshus, eit bedehus som er fornya frå øvst til nedst og der alle rom er i bruk til møter og barne- og ungdomsarbeid. På søndag fekk vi bruke uterommet også. «Lovleg» kyrkjekaffi rundt store, solide rastebord. 25. oktober blir det 100års-jubileum for bedehuset, med besøk av Kåre Lid, som no er leiar for NLM Norge.
Mange andre bedehus og forsamlingar og foreningar har også nytta sjansen til å samlast før sommaren. Underskrivne var for eksempel på møte i Tomrefjord. Der vart vi overvelda over frammøtet (vi heldt oss innanfor lovleg tal), men endå meir kjende vi glede over at Jesus var ilag med oss. I Volda hadde vi moro av at det såg ut som eksamen, når vi sat spreidd rundt i salen med rett avstand.
Ikkje vent for lenge med å samlast igjen! Det er lov å møtast om sommaren også og smittevernreglane er enkle å følgje. Og ein ting til: Dette er ei prøvetid. Heilt sikkert har mange funne seg vel til rette med å ikkje gå må møte lenger. Vi treng å spørje etter kvarandre. Ikkje tru at Facebook og annonse gjer jobben. «Velkomen på møte» blir kanskje ikkje sant før du seier det.