Ole-Magnus Olafsrud

Medvandrer

Ole Magnus Olafsrud fekk sjølv erfare kva relasjonar og vennskap kan bety etter at han som ungdom hadde sagt farvel til kristen tru.

Radio Nordvest har nyleg sendt to av tre delar om "medvandring" ved Olafsrud som tidlegare var leiar i Navigatørane i Norge.

Det å ha venner, nokon å prate med om til dømes liv og livssyn, det er noko som vi menneske som regel opplever som godt. Vi kan sette fleire namn på slike relasjonar mellom to personar. Eit ord, som i seinare år har kome meir og meir på dagsorden i kristne miljø, er ordet medvandring. Ole Magnus Olafsrud har i mange år vore leiar i den kristne organisasjonen Navigatørane i Norge. No driv han einmannsforetaket Barnabas Focus. Og på visittkortet hans står det: «medvandrer».

Du kan få tilgang på desse lydfilene om du går inn på Radio Nordvest si heimeside: radionordvest.no. Der kan du straks høyre dei to første innslaga ved Olafsrud, kvar på ca. 6 minutt. Den tredje delen blir sendt i titimen i Radio Nordvest måndag den 31. august, og etter det kan du finne lydfila på radionordvest.no og høyre den når du vil.

I den andre delen seier Olafsrud blant anna noko om kva Bibelen seier om medvandring. Han understrekar dessutan at vi kan øve oss i å snakke om tru og liv. Så ta gjerne ein titt på nettsida til Radio Nordvest og finn meir ut om temaet medvandring.