Ungdom på hytta

Tradisjon med hyttehelg

Ragnhild Fauske har nettopp avslutta den sjuande årlege hyttehelga for korgrupper tilknytt NLM i Stordal. Her får me bli betre kjent med dette arbeidet.

Kor mange år har du drive barne -og ungdomsarbeid i Stordal?

Eg starta barnekoret i lag med nokre andre hausten 1999 då eg kom til Stordal, så det blir vel 21 år. Då vi kom, var der ikkje anna barnearbeid på bedehuset i Stordal. Eg var også med å drive eit ungdomslag på Bedehuset, Fredagsklubben, ei stund. Der var mange gutar med, mellom andre du, Lars Petter.

Kvar har de øvingane dykkar?

For meg har det heile tida vore naturleg å ha bedehuset som base for det kristne arbeidet eg har drive. Vi slepp å betale leige, men prøver å gi litt støtte til straumutgiftene når vi har råd til det.

Når fekk de ideén om å bruke privathytta til weekend’ar for koret? 

Vi meiner at det vi eig eigenleg er eit lån frå Gud, så vi har heile tida tenkt at hytta også skal brukast til ulike former for kristent arbeid der nokon frå familien er med. Vi har ikkje hatt weekend kvart einaste år, men det verkar som at ungdommane kosar seg på kor-weekend der. Elles må eg seie at ungane i Stordal har kjekke og flinke foreldre, som også deltek og hjelper til på weekend’ane. Veldig bra at NLM-ung stiller med talar til oss. 

Korhelg på hytta
Privat

Kva er dei største utfordringane i dette arbeidet?

Den største utfordringa er å få barna og ungdommane til å skjøne at dei må møte kvar veke om det skal bli god korsong, men Stordalingane har vore flinke. Dei ulike korgruppene våre, har også gjeve ut 2 forskjellige CD-ar.

For meg personleg er det litt krevjande å skulle reise til Stordal kvar veke, når eg er vekependlar og arbeider i Volda. Eg har ingen vikar som kan steppe inn. Det er heller ikkje lett å rekruttere barn til koret lenger. Den tida eg arbeidde på Stordal skule, kjende alle meg, men no veks det opp ungar som eg ikkje kjenner, og som ikkje kjenner meg.

Dei største gledene?

Eg er svært glad når nokon frå koret også vil gå i KRASP eller KAIROS. Koret betaler for dei så sant vi har pengar på kontoen. Då har dei sjanse til å bli enda betre kjende med Jesus, og med andre kristne ungdommar. Det blir også lettare for dei å finne seg eit kristent nettverk når dei skal begynne på vidaregåande. Kanskje dei også vil starte på Vestborg?

Har du nokre bøneemne?

Be for verksemda på bedehuset i Stordal, at ho ikkje må døy ut. Be for dei som er med i koret no og familiane deira, at dei må få sjå kven Jesus er.