
For første gang arrangerer Ørsta/Volda misjonsforsamling to julegudstenester. I ei forsamling med mellom 80 og 90 medlemmer så er det naudsynt om vi skal få samle alle til gudsteneste denne jula. Med ei maksgrense på 50 per samling, med nokre tilreisande og nokre fråreisande så har vi eit håp om å få samle alle dei som er heime og nokre gjestar til julefeiring denne torsdagen.
Målet med gudstenesta er at den skal vere ei tydeleg stemme inn i ein dag med så mange forventningar og inntrykk. Ei tydeleg stemme som seier noko om kva denne dagen handlar om. Preiketeksta er Jesaja 9:2-7. For ein tydeleg stemme den er.
Dette er hensikta med gudstenestene som er gjennom året også. Å gi ei tydeleg stemme som rettar blikket vårt oppover til han som frelste oss. Å gi ei tydeleg stemme inn i liva våre frå han som er Herren vår. Ord om kall, teneste, oppgjer, forsoning og frimod.
Tenk om vi fekk ha to julegudstenester neste år, eller året etter, eller etter der igjen. Ikkje på grunn av begrensingar i samfunnet, men på grunn av begrensingar på huset. To gudstenester fordi huset er fullt. Skal det skje, må denne stemmen klinge vidare ut frå våre hus, til nabolag og kollegaer. Ord som formidlar nåde, kallar til oppgjer og forsoning, teneste og frimod. Då må denne tydelige stemma lyda langt ut over våre to julegudstenester. Det er eit håp for det komande året.