Velkommen heim

IEL-P avslutter misjonsarbeidet i Colombia

IEL-P, den evangelisk lutherske kyrkja i Peru som NLM samarbeider med, sendte sine første misjonærar i 2019. Etter halvanna år i Colombia er misjonærane tilbake i Peru.

− Det har vore veldig viktig for IEL-P å ha hatt denne moglegheita til å sende misjonærar til Colombia, seier Oscar Bellido, kykjepresidente i IEL-P. 

Vidare fortel han at dei i utgangspunktet hadde eit prosjekt på to år, først eit halvt år med førebuing til misjonærtenesta på SETELA, og vidare halvanna år i Colombia. Etter å ha evaluert arbeidet, korleis misjonærane har hatt det, både det negative og det positive, landa dei på at det beste var å avslutte arbeidet i Colombia. 

På veg hjem til Peru
På veg heim:Misjonærane Maribel, Nery og Miguel på veg heim til Peru, frå Colombia. Nery Isabel Abado Sullo

 

Ikkje ferdige med misjonoppdraget

Sjølv om arbeidet i Colombia er avslutta, er ikkje IEL-P ferdige med misjonsoppdraget, fortel Oscar:

− IEL-P ser etter moglegheiter der me kan drive misjon. Både i Peru og i andre land. Dette var òg grunnen til at me sa ja til forslaget om å sende misjonærar til Colombia. Arbeidet i Colombia har vist oss at det framleis er mange aspekt som må modnast i IEL-P. Me har intensjon om- og ynskjer å drive med misjon. Men, på noverande tidspunkt vil fokuset vere innad i Peru.

 

Nyttige erfaringar

Vidare legg Oscar Bellido vekt på at dei har hausta nyttige erfaringar frå dette. Han framhevar at det er viktig å planlegge arbeidet godt. At det er viktig å ha strategiplanar og målsettingar for arbeidet. Dette har òg vist dei at det er viktig å undervise om misjon i kyrkjene deira og utruste leiarane deira, slik at dei kan gjere dette.

Avslutningsvis fortel han at som kyrkje så er det å drive misjon og forkynne evangeliet slik at menneske kan bli frelst, ei viktig oppgåve for dei. Både i Peru og utanfor landets grenser.