Barn i Peru

Styrking av familiar for eit liv utan vold

Vold, overgrep og ustabile ekteskap er diverre vanleg i Bolivia og Peru. I Peru i 2018 vart 63 % av kvinner mellom 15-49 år utsett for vold eller overgrep. Koronakrisa har ikkje gjort situasjonen betre.

Samarbeidskyrkjene våre ynskjer å ha fokus på korleis ein kan styrke dei sårbare familiane.

IEL-P, samarbeidskyrkja vår i Peru, har starta eit eige familieprosjekt relativt nyleg. Oscar Bellido, kyrkjepresident og leiar for prosjektet, seier at familiane er grunnpilaren i samfunnet, og at ved å styrke desse, kan ein også gje born ei betre oppvekst, samt ha ekteskap som varer.

Ivan Figueroa, generalsekretær i ICEL og leiar for prosjektet i Bolivia, legg vekt på at kyrkja gjennom sine forsamlingar bør støtte og hjelpe til der det er sosiale problem.

– Vi kan førebygge og hjelpe til å gjenopprette vørdnaden for personar og familiar. Eg trur Gud sette kyrkja i verda for å vise at han ikkje er langt vekke frå oss, tvert imot, han er i blant oss, seier Ivan.

 

Skjer i kristne heimar

Oscar Bellido viser til dei høge tala som er registerte, og understreker at dette også skjer i kristne heimar. Mange søkjer ikkje hjelp, grunna skam eller evt. kritikk knytta til tema. Ivan Figueroa seier at ein prøver å skjule det sidan dei er kristne.

I Peru vil dei ved hjelp av førebyggande undervisning vere med å betre familierelasjonane. Oscar fortel at planen vidare er å undersøke den aktuelle situasjonen til familiane som går i kyrkja for å få eit reelt bilete av situasjonen, og ut ifrå det hjelpe heilt konkret dei som treng det. Ekteskapskurs er også ein viktig del i arbeidet kyrkja gjer og vil gjere i Peru og i Bolivia.

Ekteskapskurs Acasio 2020
Ekteskapskurs:Fransisco og kona er med på kurs i Lawalawa, Acasio, mars 2020. Malvin Ommedal

 

Program for barn og unge

I Peru brukar dei programma PARE og AURORA, som fokuserer på korleis ein kan hindre seksuelle overgrep mot barn. I Bolivia brukar dei ICDP, som fokuserer på barn-foreldre-forholdet. JOEL (forhold barn/tenåringar seg imellom), brukast både i Bolivia og Peru.

Proffasvi Acasio 2020 kurs
JOEL:Unge på kurs på den offentlege skulen i Churitaca, Acasio, Bolivia. Malvin Ommedal

I Bolivia er dei ferdig med 3 år og har fått godkjend ei ny andre fase på 3 år under visse føresetnader om berekraft. Prosjektet brukar dei to programa nemd over, og ekteskapskurs.

 

Vårt ansvar som kyrkje

Ivan Figueroa legg vekt på at dei som kyrkje har eit stort ansvar.

– I områda rundt kyrkjene har vi skular, helsesenter og andre støttegrupper med tanke på sosiale problem. Mange kristne let att augene og held seg for øyra når det gjeld realiteten rundt seg, og lenge har vi halde oss til det som er «vårt». Det ein preikar og det ein gjer vert ståande mot einannan i forhold til realiteten rundt.

Vi ser at mange familiar takkar oss når vi bidreg til å gjennopprette liva og heimen deira. Han meiner også at dei har ein veg å gå i forhold til pastorar og leiarar i kyrkjelydane, for at dei ikkje skal sjå på dette som noko som er utanfor deira realitet og ansvar.   

I Peru vil dei i størst mogleg grad bruke pastorar og fagfolk til å vere med å undervise, då for å gje dei ei kjensle av ansvar.

– Målet er også å ein dag kunne opne eit rådgjevingsenter knytta til kyrkjene, der ein i samarbeid med kristne familiesenter kan vere ei støtte inn mot familiane i kyrkja. På den måten kan ein styrke familiane og hjelpe dei å byggje vidare på bibelsk grunn.