Frå juleavslutninga i KUL

KUL - Kristen Ungdom Luster

Ungdomsklubben KUL i Luster veks.

KUL (Kristen Ungdom Luster) starta opp i 2014 på bedehuset i Gaupne. Samlingane startar med ein times aktivitet i ein gymsal som ligg rett ved Bedehuset. Deretter går me til bedehuset kor me får servert god mat, ein andakt og har mykje kjekke aktivitetar.

Dei siste åra har me sett ein positiv auke i talet på deltakarar på ungdomsklubben. No er det omlag 30–50 ungdommar innom på bedehuset annankvar fredag, og stemninga er på topp.

Me er heldige som har mange gode vaksne som er med både ute blant ungdommane og på kjøkkenet. Så er me så heldige og har eit knallbra ungdomsstyre som er ivrig med å forma kveldane best mogleg for ungdommane i Luster.