Tre glade jenter

Klart for SommarTreff

Måndag 21.juni startar SommarTreff Sygna 2021, eit samarbeid mellom region vest av NLM og Sygna VGS.

Vi ynskjer å gje ungdomane noko av det beste Sygna og Balestrand har å by på desse dagane. Årets tema er "Ankerfestet". Jesus vil vera vårt ankerfeste - eit feste som alltid held. Ser vi på livet vårt som ein båt som er ute i storm og hardt ver, er det godt å vite at ankeret held! 

 

Variert program

Aktivitetar og opplevingar er ein viktig del av SommarTreff. Dei som er glad i fotball og vil ha mykje av det, kan spele fotball kvar dag. Ynskjer ein heller å ha ulike aktivitetar, kan ein velje kreativ verkstad, skyting, volleyball, frisbee, gaming m.fl. Onsdagen får deltakarane oppleve Balestrand frå fjorden i rib-båt på veg til Kvamsøy. På programmet her står bading, padling, ulike vannaktivitetar og grilling.

På kveldane er det underhaldning, og ei eiga gruppe er alt i gong med å planlegge underhaldninga.

Vi er førebudde på å måtte gjennomføre leiren med smitteverntiltak, og det kan verte endringar i det vi planlegg for no, men det skal vi klare.

 

– Ta med ungdomsgjengen   

Over 30 leiarar er klare til å vere saman med ungdomane desse dagane. Kjenner du nokon i ungdomsskulealder dette kan vere aktuelt for? Kjenner du ein ungdomsleiar som kan ta med seg ungdomsgjengen sin til Sygna desse dagane? Tips dei i så fall om SommarTreff Sygna 2021! Les meir på https://nlm.no/sommertreff  

Nasjonalt