NLM Gjenbruk

Klimapris til Gjenbruksbutikkane?

Gjenbruksbutikkane i Vestland fylke er nominerte til fylket sin Klimapris 2021.

Vestland fylke deler kvart år ut Klimapris til nokon som utmerkar seg og gjer klima-arbeid viktig, enklare og tilgjengeleg. I år er NLM og NMS sine Gjenbruksbutikkar i fylket nominert til prisen. NLM har tre butikkar i fylket, Askøy, Bergen og Stord.

 

«Vi syns desse butikkane, og det frivillige arbeidet som vert gjort der, fortener å bli løfta fram,» seier Trude Brosvik, leiar i KrF-gruppa, som står bak nominasjonen. «Når vi tenkjer på klima-prisar, blir det ofte noko stort og "revolusjonerande" som skal redde verda, men det vi gjer i det daglege og med forbruket vårt, er kanskje endå viktigare. At det i tillegg gjev inntekter som blir brukt til å hjelpa dei som har det meir krevjande, og til å spreia håp og tru, er ein stor tilleggsfordel!»

 

 

Sirkulærøkonomi for vanlege folk

 

I grunngjevinga si for å nominera nettopp gjenbruksbutikkane til årets Klimapris, peikar dei m.a. på at gjenbruksbutikkane er eit lågterskeltilbod som gjer sirkulærøkonomi til eit tilbod for vanlege folk. Tiltaket har mange positive sider, både sosialt og økonomisk for folk. Det set søkelyset på forbruket vårt og på å nytta ressursane. Og det er med på å skapa eit betre miljø, vera truverdige i klimaarbeidet og skapa berekraft, skriv KrF-politikarane.

 

Det er i skrivande stund ikkje klart kven som til slutt får Vestland fylke sin Klimapris.