Fest på Hakallestranda bedehus

40 års-jubileet som forsvann

I 2020 var det 40 år sidan den første leiren på Hakallestranda. Berre eitt av åra vart det ikkje nok deltakarar, så dermed skulle dette også bli leir nr 40!

Planen var så klart å ha fest. Og vi skulle invitere landsdelens storavis, Synste Møre, på besøk. Skrivaren av dette stykket har vore med frå starten, fleire av kjøkkenfolka har hatt ansvar heile vegen og vi hadde ein fantastisk leir i 2019. Men det vart verken leir eller jubileum. Ikkje i fjor og ikkje i år (å ligge trangt er kanskje ikkje det luraste i desse tider). 

Eg saknar både borna og leiarane og dei gode medarbeidarane på Hakallestranda. Difor inviterte eg meg sjølv til å ha eit møte på bedehuset. – Då må vi prøve å ha ei lita utlodding til misjonen, seier Målfrid Emblem, vår kontakt i bygda. – Og så kan vi kanskje få til ei avslutning for søndagsskulen!

Og slik vart det. Å få vere ilag med søndagsskuleborn og foreldre 16. juni var ein fest! Vi song og høyrde bibelforteljinga om han som kom tilbake for å takke Jesus. Og vi leika! Og så tende vi eit lys for å minnast og takke for Ann Elin Hammer, mangeårig leiar i søndagsskulen og trufast medhjelpar på leiren. Ann Elin flytta nyleg heim til Han som ho trudde på. 

Ei av mødrene uttrykte sterk uro for at det ikkje finns kristent arbeid for ungdommane i kommunen. Ei motvekt mot alle andre inntrykk, og ikkje minst mot festkulturen. 

Dagen etter hadde vi møte med «ei lita utlodding» til misjonen. Småbord med handsprit, rett avstand, trygg servering – og Guds ord. Bilda denne gongen er altså ikkje frå leir. Og heller ikkje frå avslutninga med søndagsskulen (var så ivrig at eg gløymde å ta bilde). Folk kom både frå bygda og bygdene i Vanylven. Omtrent så mange som det er plass til med rett avstand. Og 5100 kr til misjonen!

Loddsalg
Ole Audun Os

Gamleskulen og bedehuset har alle desse åra vore leirstaden vår. Målfrid Emblem kan fortelje at sogelaget no har kjøpt og teke over ansvaret for skulen som husmorlaget har eigd. Korleis bruken av huset blir, veit vi ikkje. Det blir spennande om vi framleis kan halde leir her.