Nasjonale medarbeiderer

Gud har gjeve styrke i ei vanskeleg tid

Sidan mars i fjor har Peru vore hardt råka av koronapandemien. Det har vore høge smittetal, høge dødstal og kollapsa sjukehus. Korleis har det påverka kvardagen til våre nasjonale medarbeidarar?

I fjor var det obligatorisk karantene i eit halvt år. Dette var eit forsøk på å prøve å avgrense smitten. Det einaste ein kunne gjere var å gå på butikken, apoteket eller sjukehuset.

Etter å ha sitte inne i eit halvt år i karantene blei det mogleg å gå tilbake på kontora. Sjølv om landet opna opp så var ikkje smitten over. Det har vore mykje smitte, både på dei forskjellige kontora og elles i samfunnet. Dette har ført til mange koronatestar på dei fleste og opning og nedstenging av kontor.

 

Det verste med pandemien

På tomta til NLM i Arequipa er tre institusjonar samla: IEL-P (den nasjonale kyrkja), SETELA (det teologiske seminaret) og NLM. Det har difor vore ein sosial opptur å kunne møte dei andre medarbeidarane i dei periodane då det har vore mindre smitte.

Men, med alle restriksjonar og avgrensingar, korleis har det eigentleg vore å vere i Arequipa, både heime og på jobb?

Eg tok meg ein prat med dei tre administrasjonsleiarane som er på kontora på tomta til NLM; Anita Guevara (NLM), Veruzka Farfan (IEL-P) og Nancy Aroquipa (SETELA).

Kontoret til NLM
Stor tomt:Her ligger kontoret til NLM, IEL-P og SETELA, med utsikt til vulkanen Chachani. Marianne Thormodsæter Lindtjørn

Nancy fortel at det verste har definitivt vore at faren hennar døydde av korona i fjor. Dei fekk ikkje tatt avskjed med han. Dei leverte han på sjukehuset, og ein dag fekk dei beskjed om at han hadde døydd.

Veruzka seier òg at det verste har vore å oppleve at så mange nære og kjære brått har døydd av korona. Frykta er noko som sit i dei alle tre; frykta for å bli smitta og frykta for å skulle smitte andre.

I Arequipa var det samanhengande karantene i fjor i heile 169 dagar. Dei nemner at det å miste fridomen på den måten har vore krevjande. Anita seier det har vore krevjande å ikkje kunne treffe familie og vener på så lang tid.

 

Annleis kvardag

I jobbsamanheng er det mange prosjekt, møter og planar som har blitt avlyste.

– Det er mykje som har blitt avlyst og ting som me har satt på vent. Me har i stor grad blitt avgrensa og mykje har handla om å unngå smitte, seier Nancy. Ho jobbar på det teologiske seminaret og blei sjølv smitta i fjor. Det har òg vore smitte fleire gangar på SETELA blant studentar og tilsette.

Veruzka plar å reise ein god del i jobben sin rundt til dei forskjellige regionane i kyrkja.

– Det er så mange prosessar som har stoppa opp. Me har ikkje kunne reise rundt for å ha møter og nasjonale samlingspunkt. Me har heller ikkje hatt leirar eller andre aktivitetar i kyrkja på lenge!

 

Positive sider

Det har vore ei krevjande tid i Peru, men dei tre damene klarer likevel å sjå positive sider ved den vanskelege tida.

– Me har fått bruke meir tid saman som familie, seier både Nancy og Veruzka, og fortel vidare at det at dei har måtte vere så mykje heime har gjort at dei har fått god tid med familiane sine og har lært dei å kjenne betre.

Veruzka legg til at dei har lært å bry seg meir om andre menneske. Anita fortel at ho no i mykje større grad set pris på fridomen og berre det å få ein klem frå brødre og søstre i kyrkja.

Nancy avsluttar med å seie at dei har blitt minna på at utan Gud så er dei ingenting, at Gud ved si miskunn har halde dei oppe og gjeve dei styrke til å halde ut i denne tida.