To damer med full varebil

Kjærleik i praksis

Det begynte med julevask og snømåking for eldre. I fjor fekk 44 familiar matkasse og julesekk med gåver. No deler dei vidare ideen og korleis det kan gjerast.

Tremorkirken på Sotra begynte som ei bønnegruppe. I dag har dei rundt 250 medlemmer. Tidleg vaks det fram eit ønskje om å kunna vera til hjelp for folk i kommunen som trong ei ekstra hand. Gjennom ulike småoppdrag såg dei at mange trong ulik form for hjelp. Derfor ønskte dei å laga ein ressursbank med oppgåver dei kunne hjelpa med. Dei kontakta kommunen, og ut frå dette samarbeidet vart «Velsigna Jul» til i 2011.

  

Gjennom barnevernet

I kommunen vart barnevernet kontaktpunkt, og i dag går alt gjennom dei. Det er dei som plukkar ut familiane som får hjelpa, og dei som leverer ut gåvene. Forsamlinga får berre vita talet på familiemedlemmer og kjønn og alder på barna, slik at gåvene skal passa.

Janne Mari Nilsen er ei av tre personar i leiargruppa for Velsigna Jul. Ho fortel at det første året fekk fem familiar hjelp. «Etter kvart spurde barnevernet sjølv om me kunne levera til fleire familiar, og dei sette opp ei liste med behov. Gode rutinar på arbeidet gjer at me i dag hjelper alle som barnevernet ønskjer skal få slik julehjelp.»

 

Enkeltgåver og familiegåve

Får heile familien julegåve?

«Ja, alle får gåve. Barna får kvar si gåve, mens foreldra får anten ei gåve saman eller kvar for seg. Verdien på gåvene skal vera rundt 200-300 kroner. I tillegg får dei ei familiegåve, noko som familien kan gjera saman, t.d. gåvekort til å gå ut å eta, kino, leikeland eller anna. Eller det kan vera t.d. eit spel som dei kan gjera saman heime. Prisen på denne bestemmer gjevaren.

Korleis greier de få rette pakker til rett familie?

Me har ei liste med nummer på familien og kjønn og alder på barna i familien. Ut frå denne lagar me merkelappar med familienummer, kjønn og alder på eit barn. Desse deler me ut til folk som vil kjøpa gåver. Merkelappen vert festa utanpå den ferdig innpakka gåva før den vert levert til oss. Slik har me bra oversikt.

 

Stor gjevarglede

Korleis dekker de kostnadane?

Me informerer godt om prosjektet i kyrkja, lagar flyers, viser film frå tidlegare år og snakkar om det frå scena. Etter møtet kan folk registrera seg for å bidra på ulike måtar. Me har hatt størst suksess med å gje ut «oppdrag» der nokon får ein familie, eit barn eller ein vaksen å kjøpa ei gåve til. Mange kjøper gåver til familiar eller barn på same alder som i eigen familie, for då veit dei meir kva som vil falla i smak. Gåva må gjerne vera noko barna vert stolte av å få.

Fleire vel også å dekka kostnaden for ein matkasse. Elles tek me opp kollekt til dette på nokre gudstenester, eller folk gjev ei ekstra gåve til dette. Sjølv om det kostar ein del, har det aldri vore problem med å dekka kostnadane, folk ønskjer å vera med og hjelpa.

 

God pakkehjelp

Folk pleier ha det travelt før jul. Kor tid får de gjort alt dette?

Kjøpte pakker vert levert til oss innan første desember. Me fordeler dei i julegåvesekkar merka med familienummer, og supplerer med det som måtte mangla. Av mat prøver me å nytta gode tilbod i butikkane på det som kan kjøpast litt tidleg.

Men det aller meste skjer i veka før jul. Me avtalar hentedag med barnevernet, nokre dagar før julaftan. Om formiddagen stiller ein fin gjeng frivillige som pakkar matkassane, som inneheld julemiddag, dessert, pålegg for jula, frukt, snop og brus. Me legg og eit handskrive kort med helsing frå forsamlinga oppi. Pastoren har formulert helsinga, mens frivillige skriv den på korta.

Butikken me brukar mest, har på forhånd fått liste med varer me treng, slik at dei har dei inne. Ofte ligg det klart i korger, så me kan berre betala og ta det med oss.

 

Ressursdokument og filmar

Ryktet om Velsigna Jul har spreidd seg, noko dei er veldig glade for. For å hjelpa fleire i gong, har Tremorkirken laga både video og eit ressursdokument til hjelp for andre som ønskjer å gjera noko liknande. Her er gode tips, ting å tenkja over på førehand og til å hugsa på undervegs. Kontakt dei på epost (post@tremorkirken.no) for å få desse ressursane.