
For snart ein månad sidan var ni kristne radioar frå heile landet samla til årleg konferanse og årsmøte på Gardermoen, og eg representerte Radio Nordvest.
Det var inspirerande og lærerikt å møte andre som driv med kristent radioarbeid i andre delar av landet, frå Finnmark i nord til Kristiansand i sør. I tillegg til sosiale samvær var det gode faglege seminar og ein kjempeflott konsert med Ragnhild, Arvid og Josefine Pettersen. For meg var det særleg interessant å møte teamet frå pTro, vår samarbeidsradio, som eg ofte er på Teams med, og dei fleste av dei hadde eg ikkje møtt «live» før.
Oppmuntrande var det også å få eit betre innblikk i den store samanhengen vi står i der Evangeliet om Jesus når ut til veldig mange, og i store delar av landet vårt, takka vere dei kristne radioane. Vi utfyller kvarandre, og saman når vi ut med den kristne bodskapen – til oppmuntring og styrking i trua for dei truande, og til opplysning og oppmuntring til å tru for mange ikkje-kristne. Til saman utgjer dei kristne radioane ein enormt stor talarstol!
Takk til alle som er med som frivillige medarbeidarar! Kanskje er det fleire som kunne tenke seg å engasjerer seg i dette viktige arbeidet? Fleire frivillige medarbeidarar var eit ønske som kom fram i samtalen om arbeidet. Ei utfordring er å nå yngre lyttarar, og med tanke på det er det ønskeleg også med fleire unge medarbeidarar. Måtte Gud signe Ordet som blir sådd gjennom dei kristne radioane til mange tusen menneske i landet vårt kvar dag!