Det nye styret. Fra v. Ole-Andre Elliasen, Ole Kristian Sameien, Sølvi Olimb, Tollef Byrkjedal, Bjørn Inge Sagstad

Kristent radioforum på Gardermoen i oktober

For snart ein månad sidan var ni kristne radioar frå heile landet samla til årleg konferanse og årsmøte på Gardermoen, og eg representerte Radio Nordvest.

Det var inspirerande og lærerikt å møte andre som driv med kristent radioarbeid i andre delar av landet, frå Finnmark i nord til Kristiansand i sør. I tillegg til sosiale samvær var det gode faglege seminar og ein kjempeflott konsert med Ragnhild, Arvid og Josefine Pettersen. For meg var det særleg interessant å møte teamet frå pTro, vår samarbeidsradio, som eg ofte er på Teams med, og dei fleste av dei hadde eg ikkje møtt «live» før.

Oppmuntrande var det også å få eit betre innblikk i den store samanhengen vi står i der Evangeliet om Jesus når ut til veldig mange, og i store delar av landet vårt, takka vere dei kristne radioane. Vi utfyller kvarandre, og saman når vi ut med den kristne bodskapen – til oppmuntring og styrking i trua for dei truande, og til opplysning og oppmuntring til å tru for mange ikkje-kristne. Til saman utgjer dei kristne radioane ein enormt stor talarstol!

Takk til alle som er med som frivillige medarbeidarar! Kanskje er det fleire som kunne tenke seg å engasjerer seg i dette viktige arbeidet? Fleire frivillige medarbeidarar var eit ønske som kom fram i samtalen om arbeidet. Ei  utfordring er å nå yngre lyttarar, og med tanke på det er det ønskeleg også med fleire unge medarbeidarar. Måtte Gud signe Ordet som blir sådd gjennom dei kristne radioane til mange tusen menneske i landet vårt kvar dag!