Misjonsløp 2021

900.000 i sponsorløp på Lundeneset

Det å springa misjonsløp på hausten er etterkvart ein godt innarbeidd tradisjon på internatskulen i Ølensvåg. Ein onsdag på tampen av oktober samla altså 158 påmelde inn 935.024 kroner til russen sitt innsamlingsprosjekt i Aust-Afrika.

– Me synest innsatsen til elevane har vore heilt utruleg. Å samla inn godt over 900.000 er fantastisk bra. Dette viser berre kor flotte resultat me kan oppnår når ein står saman og alle bidrar, seier prosjektsjef i Lundenesrussen 2022, Simen Stensland.

Stensland understrekar at summen er det som sponsorane har lova per dags dato, som dei neste vekene vil bli betalt inn på russen sin innsamlingskonto.

Dei spreke løparane sprang ei løype som er 600 meter. Den eleven som sprang mest, sprang 38 rundar, altså nesten 23 kilometer.

Pengane som elevar og støttespelarar samlar inn går til Misjonssambandet sitt arbeid i Kenya og Tanzania. Her blir det drive bistandsarbeid, lese- og skriveopplæring, evangelisering og mediearbeid.