Forsamlinga

Spanande prosessar i Peru

Etter to år utan store samlingar var det endeleg duka for generalforsamling i kyrkja i Peru. Kaffieksport og betre vilkår for pastorane sto på programmet.

IEL-P, samarbeidskyrkja til Misjonssambandet i Peru, har generalforsamling anna kvart år. Førre generalforsamling blei difor arrangert dagen før Peru blei stengd ned i 2020. Dette var det største arrangementet til IEL-P på to år, og det var på nytt duka for gode samtalar, åndelig påfyll, forhandlingar og val.

I år blei generalforsamlinga arrangert i Mejía, på kyrkja sin leirplass som ligg fint til ved kysten. Det var lagt inn to timar på stranda i programmet, men dei vel hundre som var tilstade forstod fort at det var mykje på programmet – og timane på stranda blei snart droppa.

 

Betre vilkår for pastorar

To prosjekt som kyrkja har jobba med dei siste åra er eit pastorprosjekt og eit berekraftsprosjekt.

For nokre år sidan blei alle pastorane i kyrkja sagt opp. Dei gjekk då frå å vere tilsette hos kyrkja nasjonalt, til at dei lokale kyrkjene sjølv måtte tilsette dei.

Kyrkja nasjonalt har sett at dette førte med seg ein del ulemper, og har utarbeida eit prosjekt for på ny å kunne ha dei tilsett på nasjonalt plan. Dette skal føre til at dei kan ha betre kommunikasjon med pastorane og gje dei betre oppfølging, samt at dei kan få ei løn som gjer at dei kan jobbe halvt eller fulltid som pastorar.

Vona er at dette skal føre til at pastorane kan få jobbe aktivt i kyrkjene sine og at dei skal nå lengre ut med evangeliet. Dette prosjektet blei godkjent av generalforsamlinga, og fleire pastorar er allereie tilbake som tilsette under den nasjonale kyrkja.

 

Skape inntekter

Eit anna spanande prosjekt som kyrkja har jobba med, er eit berekraftsprosjekt som skal generere pengar til kyrkja. Vona har vore å finne eit prosjekt som kan generere inntekter, samstundes som det kan bidra til at kyrkja kan kome i kontakt med nye menneske og fortelje dei om Jesus.

Prosjektet som IEL-P og Misjonssambandet i Sør-Amerika har jobba saman om, er eksport av kaffi. Dette blei presentert, og generalforsamlinga gav tilslutnad til at det skal jobbast vidare med å opprette eit firma som skal jobbe med dette.

Stadleg representant, Svein Harald Lindtjørn, som er aktiv i kaffiprosjektet, ser positivt på framtida og seier følgande: «Det var mange positive samtalar rundt prosjektet på generalforsamlinga, og me ser at det er ein iver i kyrkja etter å kome skikkeleg i gang med prosjektet.»

Svein Harald Lindtjørn på scenen
Kaffi på scenen:Svein Harald Lindtjørn presenterer kaffiprosjektet. Marianne Lindtjørn

Val og vegen vidare

Det siste som stod på programmet var val til hovudstyret i IEL-P. Leonidas Mamani Cansaya blei valt til hovudstyreleiar, Francisco Yanqui Mamani til nestleiar, Edgar Sara Mejía blei sekretær og Felix Aroni Mendoza blei valt til styremedlem.

Det er mange spanande prosessar i IEL-P, ver gjerne med i bøn for det nye hovudstyret og prosjekta som no er sett i gang.

Nytt styre
Nytt styre:(f.v.) Leonidas Mamani Cansaya, Francisco Yanqui Mamani, Edgar Sara Mejía, Felix Aroni Mendoza. Marianne Lindtjørn