Pastorane stiller opp etter ordinasjonen

Ein draum om ei landsdekkande kyrkje

Samarbeidskyrkja vår i Bolivia fekk endeleg ha generalforsamling. Dei ynskjer båe fleire pastorar og meir fokus på misjon.

Etter eit års utsetjing pga. covid-19 pandemien vart det 25.-27. mars avhalde generalforsamling i ICEL (Iglesia Cristiana Evangélica Luterana), Misjonssambandet si samarbeidskyrkje i Bolivia i Sucre.

41 delegatar representert frå dei 15 organiserte kyrkjelydane i landet inkludert hovudstyret var til stades. Det var òg invitert representantar båe frå Missourisynoden (LCMS) og IELB (Den evangeliske lutherske kyrkja i Brasil), i tillegg til oss i Misjonssambandet.

Ettersom ICEL har «altar og preikestolfellesskap» med IELB, var det ein representant frå IELB-kyrkja som på slutten av GF stod for ordinering av dei 8 bolivianske pastorane som er i aktiv teneste i ICEL. ICEL har tidlegare ordinert 3 pastorar.

Ordinasjon av prestar
Malvin Ommedal

Pastorar og ynskje om misjon

ICEL har dei siste åra blitt meir pastorstyrt, men manglar pastorar. Spesielt er mangelen stor blant dei quechuatalande. Kyrkja ynskjer å satse på opplæring av nye og eksisterande pastorar på CLET (bibelskulen i Sucre), samt utdanne diakonisser. Dei ynskjer å gjere dette saman med Missouri-relaterte seminar.

Sidan nasjonaliseringa i 1997 har talet på medlem gått ned frå over 800 til ein stad mellom 6-700 og talet på organiserte forsamlingar frå om lag 30 til 15. Mykje av dette skuldast migrasjon frå landsbygda til byane eller områder der ICEL ikkje er til stades.

Kyrkja ynskjer å fokusere meir på luthersk identitet, misjon, undervisning, miskunn, alliansar og berekraft. I høve misjon tenker ein å ta utgangspunkt i bla. migrerte kyrkjemedlemar som har flytta til stader der ICEL ikkje er til stades. I dag har ICEL lokale kyrkjer i 4 av 9 fylker, men draumen er å verte landsdekkande. I dette arbeidet ynskjer dei framleis støtte frå Misjonssambandet, sidan dei ser på oss som spesialistar på området.

 

Vurderer nye statuttar

Statuttane er dei same som vart vedtekne på den konstituerande generalforsamlinga i 1997. Forslag til reviderte statuttar vart sendt ut på høyring i kyrkjelydane og vil fyrst verte tekne opp til handsaming på ekstraordinær generalforsamling i september.

Misjonssambandet er framleis i Bolivia og støttar kyrkja med 2 diakonale/sosiale prosjekt, i tillegg til generell økonomisk støtte og nokre få misjonærar i arbeidet.