Familiegudstjeneste. Felix Vargas til høgre på plattformen

Eit annleis år

Dette året har SETELA-studentane eit praksisår i lokalkyrkjene sine for å praktisere det dei har lært dei siste åra og for å sjå kva ei teneste i kyrkja inneber.

Dette har ført til ein annleis kvardag for båe studentane og personalet på SETELA.

 

Skulepastoren

Félix Vargas, pastor og lærar ved seminaret, har og fått fleire nye oppgåver dette året. Han har ikkje berre undervist studentane, men han har reist rundt i heile Sør-Peru for å følgje opp studentane der dei er, samt undervise i dei lokale kyrkjene. Han har møtt brødre og systre som han ikkje hadde møtt på lenge og han har òg fått blitt kjent med brødre og systre som akkurat har byrja på eit liv saman med Jesus.

Felix Vargas, skolepastor på Setela
Espen Ottosen

− Dette året har vore nyttig. Eg har fått reist mykje rundt og eg har fått snakka med mange brødre og systre. Eg har fått høyre på kva dei står i og kva utfordringar dei har båe personleg og i kyrkjene, seier Félix. Han fortel vidare at alle desse turane har fått han til å tenke mykje på kva me som SETELA kan bidra med inn i kyrkja.

− Er det framleis behov for eit teologisk seminar i Peru?
− SETELA er eit seminar som underviser, utrustar og formar dagens og morgondagens leiarar. Det er viktig no å finne ut kva me vil vidare. Me må sjå på, saman med IEL-P, korleis me kan bidra inn i kyrkja ut frå dei behova dei har.

 

God hjelp

Han fortel vidare at det er ikkje alle som har moglegheit for å studere fulltid på SETELA eller som kanskje har det nivået. Men at me heile tida må finne nye måtar å undervise og utruste på. Det er framleis mykje SETELA kan bidra med av teologisk utrustning på forskjellige nivå i kyrkja.

− Korleis har det vore for studentane å ha praksis?
− Det har vore nyttig for studentane å ha praksis, dei har fått sjå at det å vere pastor er inga lett oppgåve. Men det har likevel gjort at dei har fått sett kva det inneber og ein må yte mykje i jobben som pastor.

Félix avsluttar med å seie at studentane er takksame for  åra på SETELA, ikkje berre for undervisninga, men og for at dei har fått meir kjennskap til Gud og har vakse i tru.