Barnekunstverk, maleri av dyr

Flott Aktivitetsdag i Varntresk!

Tirsdag 16. august vart det arrangert Aktivitetsdag for barn i alderen 1.-7.klasse på Varntresk Oppvekstsenter i Hattfjelldal. Åshild Sørhus og Margrete Klokkehaug frå Misjonssambandet var med som ledere saman med lokale medhjelpere.

Det var no to år sidan sist Misjonssambandet hadde hatt Aktivitetsdag i Varntresk. Spenninga var stor om det var nokon som hadde lyst til å vere med denne gangen.

Ein fin flokk med elleve jenter og gutar  møtte opp på Oppvekstsenteret denne tirsdagsføremiddagen.

Først hadde vi presentasjon av oppmøtte, så vart det leik og aktiviteter før det var tid for samlingsstund med sang og bibelfortelling. Til lunsj vart det servert pølser med brød.

Ute hadde vi leik og aktivitet før det vart tid for hobbyaktivitet inne. Det vart laga mange fine kunstverk.

Aktivitetsdagen vart avslutta med familiesamling, med sang og bibelfortelling. Nokre av dei frammøtte fekk også prøve litt klede fra Mongolia som Åshild Sørhus hadde med. Åshild og familen har vore utsendinger i Mongolia i fleire år.

Etter samlinga fekk vi servert kaffe, saft og kaker. Tusen takk til Helèn Sæterstad og Ingrid Enkerud Sørdal som ordna med maten.