
-Gjenbruk er ressurssparande. Fellesskapet med andre frivillige er ein flott og meiningsfull aktivitet.
Kundane likar seg, og det er fint at vi stundom kan få veksla nokre ord med dei som er interessert i det. Her får folk kjøpa noko ein treng til ein billeg penge samstundes som alt overskot går til misjonen.
Det er dagleg leier i NLM Gjenbruk Elnesvågen, Hallvard Hals, som seier dette. Han er den tredje leiaren sidan gjenbruksbutikken opna dørene for første gang i 2010.
Viktig møteplass
Butikken har blitt ein viktig møteplass for mange i Hustadvika kommune. Dei som arbeider der har fått nye kontaktar både med folk i nærområdet og folk frå andre kulturar. Her kan kven som helst komme og vere. Fleire innvandrarar har fått verdifull arbeidstrening og praktisk norskopplæring for å komme inn på arbeidsmarknaden.
Sidan starten har butikken hatt trufaste og engasjerte medarbeidarar. Til og med dei som var skeptiske i starten har blitt ivrige. Det er mange gjeremål som må utførast og planleggjast for dei frivillige før varene blir plassert i butikken. Likevel prioriterer dei å setja seg ned for å ha ei lita andaktsstund med bøn og fadervår før butikken opnar. Denne stunda har fått sin naturlege plass, og andaktsboka til Asbjørn Kvalbein er brukt kvar dag. - Det er godt og rett og samles om Guds Ord og oppleve velsigning i lag med medarbeidarane før vi møter kundar, seier Sigrid Tone, ein av 30 frivillige medarbeidarar i butikken.
Renovert og utvida
Våren 2021 vart butikken renovert og utvida etter råd frå leiinga i NLM Gjenbruk med fokus på klede og pyntegjenstandar. Ein av dei nye medarbeidarane, Solgunn, som tidlegare har jobba i Utsyn barnehage, har funne sin plass i den nye klesavdelinga.
-Eg gler meg til å komme på jobb kvar onsdag. Det er godt å vere i eit fellesskap, som er opent, inkluderande og trygt med eit felles mål. Vi kan dele det meste og vere oss sjølve. Eg har eit motto for arbeidet som står i songen «Gjør det lille du kan der hvor Gud har deg satt» Hovudmålet med butikken er å samle inn pengar til bistand i dei ulike landa misjonen har arbeid. Det går til prosjekt innafor «Skole-Helse -Vann». Folk i Hustadvika kommune har gjeve oss fine varer, og vi har kundar som roser butikken og er takksam for at det er ein gjenbruksbutikk i Elnesvågen.