
Ungdomsbedrifta Fall-Off Rescue frå Tryggheim vidaregåande skule på Nærbø vann NM-bronse.
Statssekretær Sindre Lysø (Ap) i Kunnskapsdepartementet offentleggjorde plasseringa på NM-scenen i Lillestrøm fredag 28. april.
Fall-Off Rescue utviklar ein ettermonterbar sensor som skal varsle naudetatar ved MC-krasj, og blei tidlegare i år kåra til Rogalands beste ungdomsbedrift.
Sju spente elektro-elevar frå Tryggheim reiste til Oslo og lada opp til NM ved å presentere bedrifta for rogalandsbenken på Stortinget onsdag 26. april. Torsdag 27. og fredag 28. april målte dei krefter mot dei 70 beste ungdomsbedriftene i landet under NM i Nova spektrum i Lillestrøm.
Då Fall-Off Rescue blei kåra til den tredje beste ungdomsbedrifta i landet, fekk elevane denne grunngivinga frå juryen: «Denne ungdomsbedriften viser innovasjonskraft og tør å eksperimentere for å bringe nye og innovative løsninger til en godt etablert bransje. De evner å spille på bredden i kompetansen hos team, mentor og partnere, og viser at de ved hjelp av teknologi kan redde liv.»
Totalt 12.500 elevar i landet har drive ungdomsbedrifter i regi av organisasjonen Ungt Entreprenørskap Norge skuleåret 2022/23.