Søndag 18. juni vart eit styrarpar overraska over stort oppmøte på søndagsmøtet på Solhøgda. Det var mange lure smil og glimt i auga når folket seig inn i salen.
Denne søndagen hadde styret arbeida med i kulissane lenge, og det som skulle vere eit ope avslutningsmøte for Misjonssalen Kristiansund var og ein høgtidsdag der trufaste medarbeidarar tok imot ein synleg takk for innsatsen over mange år.
Kari Solem Gagnat og Arne-Johan Gagnat har vore på Solhøgda i 40 og 44 år no i august og oversteig med god margin 25 år i tenesta. Eit av krava for å kunne motta medaljen for lang å tru teneste er å ha hatt same arbeidsstad i 25 år.
Solhøgda-vener frå Nordmøre og Romsdalen møtte opp og gledde seg over å kunne oppmuntre Kari og Arne-Johan. Gjestane vart tatt imot med handtrykk i døra slik det brukar å vere på Solhøgda, sjølv om verten verka litt meir forvirra enn han brukar å vere.
Overraskinga kom heilt i starten av møtet der Kari og Arne-Johan vart kalla inn og styret, ved Marta Innerdal og Kari Sørdal, overrakk medaljar, diplom og gode ord. Trygg, trufast og gjestfri var ord som gjekk att i helsinga frå styret.
Regionleiar hadde og ei helsing og takka for trufast teneste, og minna om at vi som kristne har lært frå den beste når det gjeld det å vere trufast, og når dei vi er trufaste mot er trulause. Han delte versa frå 2. Timoteus 2, 11-13.
Etter at Lars-Petter Ødegård, Pastor i Kristiansund og områdearbeidar på Nordmøre, hadde talt over det store gjestebodet, var det duka for eit konkret gjestebod med stort kakebord og kaffi til alle som hadde møtt fram.
Her delte Arne-Johan og Kari litt om kva som er motivasjonen deira i arbeidet; at menneske reiste frå Solhøgda med gode opplevingar og gode kjensler til plassen, og at dei har fått med seg noko om kven Jesus er på reisa heim.
Det er noko rett i å gi gode ord for lang og trufast teneste, å vere takksam for kvarandre er djupt bibelsk og det å glede seg over å ha ei teneste som strekk seg ut over seg sjølv er eit privilegium. Å få feire slike ting i strålande sol på sjølvaste Solhøgda, er ein høydare i seg sjølv.