Brian sittende smilende på gresset foran skolen

– Eg er sikker i mi tru

Ingen i familien var kristne eller hadde noko med kristen tru å gjere. Ein grandonkel skulle gjere at det endra seg.

Henta frå Prosjektkatalogen 2023.

Me møter Brian Danny Gonzales Inga på 23 år i Arequipa, Peru. Det var først i slutten av tenåra han fekk eit møte med den lutherske kyrkja og kom til tru på Jesus.

I familien hans var det ingen kristne, og dei hadde eit fjernt forhold til den katolske kyrkja, det var ingenting som tyda på at Brian skulle bli kristen.

− Eg byrja å drikke då eg var 13 år gammal, og eg hadde ikkje gode vener rundt meg. Livet mitt var ikkje på stell, og eg hadde ein dårleg relasjon til båe søsken og foreldra mine, fortel Brian.

  

Ny retning

Han kjende seg utan noko meining i livet og levde for å leve. Dette var heilt fram til dagen då ein grandonkel banka på døra og spurte bestemora hans om ikkje han kunne få studere luthersk dogmatikk med han. Han sa ja til dette og byrja å studere.

Det gjorde inntrykk å studere og å lære meir. Etter kvart besøkte han òg ei av dei lutherske kyrkjene i byen. Han hadde fleire gongar blitt invitert til kyrkja, men hadde ikkje brydd seg noko særleg om det.

Men ein kveld då han eigentleg var på veg til tannlegen og var i nærleiken av kyrkja saman med bestemora si, fann han ut at dei kunne jo gjerne ta turen innom. Det gjorde inntrykk å kome der; det var unge menneske som lovsong og hadde kveldsgudsteneste. Dette gjorde at han så smått byrja å gå der.

– Kva var det som verkeleg gjorde at du tok valet og byrja å tru på Jesus?

– Det er litt samansett. I hovudsak var det grandonkel Edgardo som studerte Bibelen og luthersk tru saman med meg. Dette gjorde at eg forstod meir av historia i Bibelen og det teoretiske. Så fekk eg spørsmål om å vere med på ungdoms-gudsteneste, og der fekk eg møtt andre kristne på min eigen alder. Eg var òg med på ein fotballturnering og blei godt tatt imot. Så det var summen av dette; teori, praksis og det å bli godt tatt imot.

  

Bibelskule

Like etter at han var blitt ein kristen, søkte han om å gå på bibelskulen på SETELA, noko som viste seg å vere krevjande.

– Det var veldig utfordrande å byrje på bibelskulen. Mange av dei andre elevane kom frå kristne familiar, og eg stilte meg sjølv spørsmålet: Kva gjer eg her?

Han fortel om at han måtte ta mange kampar med seg sjølv for å bli verande, og at det tok tid før han kjende seg heime. Mykje var nytt, og dei hadde blant anna evangeliseringskampanjar og skodespel, noko som var langt utanfor komfortsona hans.

Presentasjon av alle elevene
Klare for studier:Studentane vert presentert under åpninga av studieåret på SETELA. Brian held mikrofo-nen. Elevane er frå Bolivia, Ecuador og Peru. Marilú Ccama

– Det var òg utfordrande å vere den einaste kristne i familien min og i tillegg gå på bibelskule, seier han. 

Eitt år etter å ha studert på bibelskulen kom han likevel tilbake for å studere teologi på SETELA.

Brian intervjues av rektor
Intervju:For å bli opptatt som student på SETELA må ein gjennom både teoretisk opptaksprøve og personleg intervju. Her blir Brian intervjua av skolepastor Felix Vargas. Marilú Ccama

– Kva gjorde at du kom tilbake?

– Eg ville lære meir og forstå meir av trua mi. Nauden for dei som ikkje har høyrd evangeliet, er og ein del av motivasjonen min. Det er så mange menneske i kulturen og samfunnet her som har ei heilt misforstått oppfatning av kva kristen tru er, fortel han før han legg til at han har lært mykje nytt og har fått fordjupe seg i trua. − No tviler eg ikkje på trua mi, eg er sikker i mi tru, og den lutherske kyrkja har den beste læra og den beste tolkinga av Bibelen, seier han.

Han fortel vidare at no er han ikkje lenger den einaste kristne i familien sin, men at store deler av familien hans òg har blitt kristne og har byrja å gå i kyrkja saman med han.

Matlaging utendørs
Utekjøkken:Studentane på SETELA har mange aktivi-tetar, og blant dei er er matlaging. Her fra en aktivitetsdag ved seminaret. Brian er nr. 3 frå venstre. Marilú Ccama

Nåde

− Så, kva er det som er fint med den lutherske trua, og kvifor treng peruanarane den lutherske trua?

– Det eg set stor pris på, er fokuset på at det faktisk ikkje er noko me kan gjere frå eller til på frelsa vår. Me er frelst av nåde ved tru på Jesus Kristus, seier han med eit smil.

Han fortel videre at ein elles i samfunnet ser at mange har oppfatninga av at dei må gjere forskjellige ting for å kunne bli frelste. − I den lutherske trua underviser me lov og evangelium, og me treng begge deler. Me må forkynne fridomen me har fått i Kristus, utan å ende der at alt er tillat, men at me skal få leve i den nåden Jesus har gjeve oss, avsluttar Brian Gonzales.