Vestheim Ungdomssenter

Medarbeidar på Vestheim?

Då er ny styrar på plass på Vestheim ungdomssenter, og det er mykje nytt å sette seg inn i for Mesina. Vi er takksame for at Mesina har gått inn i desse oppgåvene og prøvar å støtte henne så godt vi kan

 Vi veit at det er mange, unge og eldre som både er takknemlege for mange gode opplevingar på leir. Anten fordi det fekk bety noko for deg konkret eller fordi nokon du er glad i fekk oppleve omsorg, god forkynning og vennskap på leir.

Samtidig veit vi at ikkje alle verken trivast med eller ynskjer å vere leiar for born og unge på leir. Men kanskje kan du vere til hjelp likevel?

For å kunne ha eit rimeleg tilbod for born og unge på leirane, er vi avhengig av at ikkje berre tilsette er med å organiserer, lagar mat og gjer praktisk arbeid knytt til leiren. Det trengs folk som kan være med ei helg eller to i halvåret for å bidra på kjøkkenet. Etter ein leir skal internat, fellesareal og hytter vaskast. Jamt over er det vedlikehaldsarbeid som å gjerast, både maling, plenklipping og oppussing.

Kanskje kunne du tenke deg å bidra med noko slikt? Å kome ei helg saman med ein ven eller to for å avlaste dagleg leiar med gjeremål? Evt. stille ein måndag for å gjere reint?

Då kan du ta kontakt med Vestheim ungdomssenter å melde deg som frivillig dette SKJEMAET evt. ved å ta kontakt på tlf: 400 34 112 eller epost: vestheim@nlm.no.

Leirsesongen er allereie godt i gang, og vi håpar du er frimodig og melder ifrå om du kunne tenke deg å bidra.