Medarbeiderfestdeltagere

Stor medarbeidarfest på Vestheim

Laurdag 21.oktober var det duka til fest på Vestheim. Ein stor flokk av medarbeidarar i misjonen, 110 i talet, hadde takka ja til invitasjonen.

Det har vorte ein god tradisjon at regionstyret inviterer tilsette og frivillige medarbeidarar til ein festdag i oktober. Slik også dette året, med godt program og god mat. Leiar i regionstyret, Sverrir Olafsson ønskte velkomen med gode ord frå Bibelen og frå erfaringar i eige liv.

Korleis gje evangeliet og tenesta vidare til neste generasjon?

Marit Andersen hadde dette som tema for seminaret ho hadde for oss. Mykje tankevekkande og viktig kom fram. Om korleis vandre saman med unge, og korleis gje arbeidet vidare i god tid medan det enno er tid og høve til å vegleie. Eit vanskeleg tema, men aktuelt for dei fleste av oss som høyrde på. Undervegs gledde Ann Kathrin Alnes oss med gode songinnslag.

Mesina med mykje godt frå kjøkenet

Mesina frå Albania er den nye daglege leiaren på Vestheim. Det ho denne dagen trylla fram frå kjøkenet var heilt fantastisk. Ein svært velsmakande middag med, for mange av oss, nye og spennande smakar. Det var mykje godlåt over maten som vart servert, og slikt er viktig på ein slik festdag.

Nytt frå arbeidet i Austafrika

Mot slutten av dagen fekk vi høyre frå ein av utsendingane våre. Ho har bak seg ca. 20 år i Afrika, der ho har arbeidd mellom ei unådd folkegruppe. Vanskeleg å nå inn med evangeliet, vanskeleg å bryte med det gamle og bli kristen der. Gripande å høyre om arbeidet og innsatsen for å nå denne folkegruppa med evangeliet. Ikkje mykje synlege resultat, men som ho sa. «ein og annan tek imot Jesus, men Gud arbeider.»

Takk til regionstyret som innbyr til og steller i stand denne festen. Det er godt at frivillig teneste slik blir sett pris på. Det er godt å møtast og sjå at vi er mange som er med i samanhengen.