Kors av personer

The body of Christ

Rom 12,4-6 Vi har éin kropp, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle éin kropp i Kristus, men kvar for oss er vi lemer for kvarandre. 6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss.

Det er slik Paulus beskriv den kristne forsamling og det åndelege livet der. Det er samanlikna med ein kropp, med mange lemer, fordi det er så mange  oppgåver og åndelege behov som må fyllast på sin måte. Dei mange nådegåvene og den frie formidlinga av evangeliet er då avgjerande for om det åndelege livet skal vekse. I 1 Kor 12:7 skriv Paulus at Anden openberrar seg hos kvar enkelt slik at det tener til det gode.

I Misjonssambandet si meir enn 130 år lange historie  har begrepet «den frie bruken av nådegåvene» vore sentralt i måten å drive arbeidet på.  Begrepet har forma både organiseringa av arbeidet og  profilen på møta og gudstenestene til Misjonssambandet.  Det har gitt rom for deltaking og engasjement frå den enkelte kristne og vore med på gitt eit personleg preg på fellesskapet og formidlinga av evangeliet.  Uttrykket representerer eit grunnleggjande bibelsk prinsipp for organisering av ei kyrkje. Dokumentet «Menighetstenkning og organisasjonsstruktur i NLM» som GF vedtok i 2022 poengterer nettopp nådegåvene og den «frie bruken» av evangeliet som avgjerande for utbreiinga og voksteren av åndeleg liv.  

Sidan reformasjonen har organisering av arbeidet i dei lutherske kyrkjene i stor grad vore knytt opp til preikeembete og presten si teneste, og i mindre grad til dei mange nådegåvene i kyrkjelyden. Deltaking og «den frie bruken av evangeliet» har difor hatt mindre plass i arbeidet.  Men dette endra seg utover på 1800 talet, og det vaks fram ein klar tanke om nådegåvene sin plass og betydning for det åndelege livet. Bedehusa og mange nye evangeliske forsamlingar vaks då fram.  Vi finn læra om nådegåvene særleg utlagt i Romarbrevet kap. 12, i 1. Korintarbrev kap. 12 og i Efesarbrevet kap. 4

Framveksten av forsamlingar med ei tydlegare organisering og med ei tydleg form på møta/gudstenestene er eit viktig strategisk grep i arbeidet. Innafor denne ramma er det viktig og nødvendig å minne om nådegåvene sin avgjerande funksjon for det åndelege livet. Mange menneske kjenner på eit kall frå Gud og ynskjer å bruke sine evner og interesser i ei teneste for Gud. Det gjeld difor å gi plass til og å skape rom for at så mange som mogeleg kan få bruke sine interesser og nådegåver. For det er nettopp gjennom desse mange ulike nådegåvene at evangeliet vert relevant og kommunisert på ein forståeleg måte for folk. Dette gjeld formidling gjennom song, vitnemål og tale, samtale, bibelundervisning, søndagsskule og dei mange viktige praktiske oppgåver som teknikk, ansvar for hus, økonomi, leiaroppgåver, gjenbruksbutikk, mm.

Dette er Den Heilage Andes virke og dei mange og ulike nådegåvene i praktisk funksjon, som er så viktig for åndeleg vokster.