Sunnmørsgutane

Julemesse Vestborg

Stor takk til Gud for at det enno ein gong var mulig for oss å arrangere messe for Vestborg vgs på Stranda.


Godt og stabilt ver var medverkande til at messa vart svært godt besøkt. Den store hallen var ganske fullsett frå vi opna kl10.30, til avslutningsmøtet på ettermiddagen. I mange år hadde vi messa over to dagar, men no dei siste åra berre på laurdagen.
I 1980 starta det med at ei gruppe knytt til skulen vart oppmoda om å prøve skaffe midlar til øvingsbutikk for skulen som den gong var Handelskule. Det står stor respekt av å ha halde på i 43 år, og på den måten bidrege med fleire millionar til skulen sin økonomi! For oss damene som er med i Vestborglaget er BØN for skulen like viktig!
Lefser, gjærbakst, kransekaker, småkaker, saft, sylte og ei mengd handarbeid vart laga til messa. Kafeteria med mykje godt var også svært populært.

Sunnmørsgutane
Liv Kari Ringstad

Vi fekk besøk av Sunnmørsgutane, Arnfinn Røyland og Rune Sæther.
For oss damene er det svært inspirerande å sjå at vener av skulen kjem frå fjern og nær og støtter oss og skulen denne dagen. Mange elevar var også på plass og kosa seg med tombola og åresalg!