Det er stadig full fart i Sætervika. Snart er det også basar.
Det har skjedd mykje i Sætervika i det siste. Både ute og inne er det store forbetringar, noko både små og store har stor glede av.
No kan du og sjå det med eigne auge. Fredag 20. sept er det stor Sætervikabasar, kl 18.30. Åresalg med mange flotte gevinstar, ulike tippekonkurransar, rikeleg med kaffi og kaker og mykje meir.
Ketil Jensen, leiar av Misjonssambandet Norge, er med og har andakt, og Krinsmannskoret vil synga.
Det er også loddbøker med flotte gevinstar. Ønskjer du å ta lodd på desse utan å koma på basaren, kan du kontakta regionkontoret, som skriv det i boka, og du kan betala med Vipps eller bank. Kontakt oss på
- vest@nlm.no
- tlf 55 90 48 00
Og ikkje minst: Hjarteleg velkomen til Sætervika på basaren!