Nokre tradisjonar er gode å ha. Mellom dei er bibelhelga i Innvik i vakre Nordfjord. Frå laurdag formiddag til søndag middag kan du både nyta vakker natur og få med deg god mat for både kropp og sjel.
Helga 28.-29. september er det klart for bibelhelg på Innvik Fjordhotell, eller Misjonsheimen, som den og er kjent som. Talar i år er Preben Solvang, og tema for helga er "GT + NT = Jesus".
Alv Magnus Tysse og Magnus Solbakk deltek med song og musikk. Og det vert eigne samlingar for barn og unge med Trond Kråvik og Ingrid Øvreås.
Sjå heile programmet og info om påmelding mm her.