Det går gjetord om adventstida i misjonsforsamlinga på Vestnes. Då er det samling kvar søndag for store og små med fokus på julehøgtida som nærmar seg.
Vi har tekeein prat med Silje Knardal Johansen for å høyre meir om dette. Ho fortel at dei har halde på med dessesamlingane i minst 15 år.
Når vi spør om tanken bak, svarar Silje med ei songstrofe.
– «En jul uten Jesus har liten verdi, det blir som en pakke med ingenting i, for innhold er viktig, du tenker helt riktig, det blir ingen jul uten Jesus.» Vi ønskjer å gjerenokosaman som storfamilie denne tida og føre vidare den arven vi sjølve har fått som foreldre.
På Vestnes har dei brukt litt ulike opplegg år om anna. Ofte eitjulespel i fire akter for dei fire adventssøndagane. Engelen Gabriel og Maria – gjeterane på marka – barnet i krubba i Betlehem – Herodes og vismennene. Både vaksne og born i forsamlinga er med. Nokon har sjølvsagt tenkt og gjort litt før samlinga, men det er ikkje så høgtideleg, inga øving på førehand. Meir eller mindre på sparket. Nokrerekvisittartrengst, og så er det berre å la det stå til.
Andre år kan opplegget vere litt nedskalert. Dei les eller fortelforteljinganefrå Bibelen, det har vore brukt dokketeater og litt forskjellig opplegg. Silje fortel også om ei stor kiste med julelys på. Den har fire låsar, der ein lås blir opna kvar søndag. I kista finn borna ulike saker som blir plasserte inn i ein stall etter kvart som historia skrid fram.
– Dei fleste har det travelt før jul. Kviforhalde på med dette kvar adventssøndag heilt inn i jula?
– Vi vil rekke alt det kjekke vi har lyst å gjere. Det er kjekt å samlast, og vi vil sette av tid midt i stresset,» seier Silje og held fram:
– Det som er ønskjet vårt, er at alle skal hugse kva som er det viktigaste. Jula har blitt som ei perfekt krystallkule som vi er redde for skal gå i knas, men vi vil halde fram det viktigaste. På samlingane brukar vi dei gamle julesongane, og vi opplever at dei kommuniserer med borna også. Det gjeld å fylle på minnebanken deira.
Silje seier at dette kan gjerast på ulike måtar. Det treng ikkjevere så avansert. Treng ikkje øve på førehand. Det er berre å hoppe ut i det og prøve på sparket. Nokrerekvisittar kan finnast fram, og så er det berre å «leike seg gjennom bibelforteljinga» i lag.