Bildet viser mange ungdommer som står i ring og holder hender.

Kvilepuls på Høgtun

Elevane på Nordvestlandet folkehøgskole får med seg verdifulle møtepunkt søndagskveld. Vi har spurt Bjarte Grøteide, rektor ved Nordvestlandet FHS, om kva dette betyr for elevane.

–Kva får elevane med seg frå kvilepulsnktsamlingane?  

Det er vanskelig å seie kva den enkelte får med seg – for å få godt svar på det trengst det intervju/evaluering. Men det blir kvar søndag delt frå Guds ord – og gjennom andakt og vitnesbyrd frå den som deler, får dei innblikk i andre sitt liv med Jesus – og får lære meir om det som står i Bbibelen – og korleis vi er ein del av Guds plan. 

 

Kven er desse som møtear opp, er det kristne? Er det elevar som er nysgjerrige?  

Vi har antakeleg få elevar som er veldig tydelege på at dei er kristne. Inntrykket vi har, er at vi har mange elevar som er opne for å høyre det kristne bodskapet. «Kvilepuls» har ein svært tydeleg kristen profil. Vi er f.eks. nøye på å velgje songar med kristent innhald, det er anledning til å skrive bønnelappar (som blir bedt for etter møtet), ein kan tenne lys – og det er nokre gonger tilbod om forbønn. Vi har og ein tradisjon med å synge «Velsignelsen» som avslutning. Den songen medfører at vi lyser velsigninga over kvarandre – kvar søndag kveld... Det er fint! 

 

Korleis vert det som vert delt tatt imot?  

Vi har inntrykk av at elevane tar det godt imot, i og med at dei kjem tilbake neste gong. Kvar søndag er det 30-40 elevar som deltar. Mange tidlegare elevar har sagt at dei likar møtet fordi det har ein «roleg profil» med gjenkjennelege postar frå gong til gong. Det er godt å «kvile» etter ei veke der det har vore mykje aktivitet med fag, turar, trening og variert innhald. «Kvilepuls» blir ein slags oase der dei kan lande litt. 

 

Kva håpar de desse samlingane vil gjere for elevane?  

Vi tenker at vi driv såmannsarbeid. Å lære kristne songar, å høyre frå bibelen, å bli kjent med lærarar og andre som deler frå sine erfaringar med kristent liv. Vi trur det gjer noko med elevane. Og kvar veke ber dei tilsette for elevane. 

 

Kva gjer det med skulen å ha slike samlingar?  

Det er viktig for skulen å ha arenaer der det er opning for forkynning – for å dele Guds ord. Vi tenker at lærarar og andre tilsette har mykje å bidra med – elevane treng kristne forbilde. Våre tilsette er tett på elevane kvar dag og kjenner dei etter kvart godt. Det gjer det trygt å komme på «Kvilepuls» - og det gir rom for og anledning til nysgjerrigheit på det åndelege. Akkurat når ein elev tek eit kristent standpunkt veit vi ikkje alltid. Men som rektor har eg fått tilbakemelding frå tidlegare elevar om at noko som vart sagt på eit møte eller ein morgonsamling, gjorde at den/dei tok eit val om å bli kristen på eit seinare tidpunkt i livet. Såmannsarbeid trur eg er viktig. Når ein gir plass til Guds ord kan mykje skje.  

Les meir om høgskulen og tilbodet dei har på: nordvestlandet.no. Kan hende kjenner du nokon som burde vurdere denne skulen? 

 

Denne saken ble først publisert i regionutgaven av Utsyn. Utsyn er Misjonssambandets organisasjonsblad, og kommer ut 12 ganger i året. Fire av disse er regionutgave. Regionutgaven av Utsyn er gratis. Ønsker du å få tilsendt dette eller ønsker du å bli abonnent? Kontakt oss på abonnement@nlm.no / 22 00 72 00.
Alle regionutgavene kan også leses her: https://utsyn.no/regionsider/misjonssambandet-nordvest