
Over 200 misjonsvener fann vegen til Kvitsund videregåande skule i Kviteseid og Fellesskap sør søndag 27. april.
Oppslutnaden om misjon er framleis sterk og levande mellom kristenfolket i sør. I god tid før stemna tok til, var parkeringsplassen på Kvitsund vidaregåande skule full av bilar, smila sat laust og handtrykka blei mange.
Fellesskap sør er storsamlinga til Norsk Luthersk Misjonssamband i Agder og Telemark.I år opna Inger Strangstad «alle-saman-samlinga» med temaet «Bibelen på 30 minutt». Etterpå var det eigne opplegg for borna og ungdomane.
Regionårsmøtet samla 83 delegatar med røysterett. Helge Norheim helste frå hovudstyret og økonomileiar Morten Ivar Pettersen frå hovudkontoret. Det vart samtalt om arbeidet. Fleire peikte på at økonomien i regionen går feil veg – inntektene fell og utgiftene stig. Det har og vorte vanskelegare å finne folk til å ta på seg verv i styre og stell på regionnivået.
Regionårsmøtet valde for fyrste gong regionalt tilsynsråd. Jakob Hånes og Frank Vorhaug blei valde, med Odd Rannestad som vara. I det nye regionstyret sit Liv Aase Søreng Gamst, Grimstad (leiar); Sveinung Seljås, Åmli (nestleiar);Astrid G. Røykenes, Hornnes; Håvard Sande, Kristiansand, og Brit Kari Urdal, Kristiansand.
Barne- og ungdomsrådet (BUR) er etter valet sett saman av Aslak Kjebekk, Lea Angela A. Helle, Priscila Milena P. Assis, Kathrine Thoresen og Olena Byberg. Desse sit i valnemnda til regionårsmøtet i 2026: Marit Andersen, Kristiansand; Mangor Harestad, Skien; Torbjørn Bjorvatn, Birkeland; Anne Birgit Fahre Brødsjømoen, Neslandsvatn; Thorvald Handeland, Eiken, med Rune Espevik, Grimstad, som vara.
Dagen vart avslutta med misjonsfest med tale av Tormod Helland og forbøn for nye utsendingar frå Region sør:Elin og Kristen Salmelid og Marit og Njål Kristensen.