Bildet viser en gammeldags radio og en person som ligger i bakgrunne og hører på radio

pTro og lyttartal for dei tre første månadene i år

Radiokanalen pTro har 15.256 daglege lyttarar, 45.190 som lyttar kvar veke og 68.549 månadlege lyttarar.

Det viser ein nyleg publisert lyttarundersøking for dei tre første månadene i 2025, og då er Møre og Romsdal ikkje med i lyttarundersøkinga. Det er no snart eitt år sidan Radio Nordvest gjekk inn i pTro. Det skjedde 1. juni 2024. Lyttartal frå Møre og Romsdal vil kome med først etter ca. eit år med sendingar frå pTro.

Tala viser altså at det er mange som lyttar til pTro. Det tilsvarar omtrent ein og ein halv gong full Color Line Stadion, AAFK sin stadion i Ålesund, som er innom pTro sine sendingar dagleg. Det betyr også at omtrent like mange som bur i Ålesund kommune (67.250 innbyggjarar i 2023) lyttar meir eller mindre til pTro i løpet av ein månad.

Bilde er en collage satt sammen av flere bilder som viser collorline-stadion og ålesund by
Hva kan vi sammenligne det med?:Her er lyttertallene til pTro illustrert. 1,5 ganger Colorline stadion lytter til pTro daglig. Og hver måned er det flere som er innom pTro enn alle som bor i Ålesund kommune. pTro

Tala bekreftar også at pTro er den største kristne radioen i Norge med flest lyttarar både når det gjeld personar som lyttar dagleg, kvar veke og kvar månad. Samanliknar vi pTro med alle lokalradioane i Norge er pTro på 4. plass når det gjeld daglege lyttarar, og på 3. plass når det gjeld både dei som lyttar kvar veke og likeins kvar månad.

I Møre og Romsdal er vi enno ikkje så kjend, så ver gjerne med å spreie informasjon om pTro, så fleire kan få kjennskap til det gode radiotilbodet pTro har. I store delar av Møre og Romsdal kan de lytte til oss på pTro sin eigen DAB kanal. På Sunnmøre og delar av Romsdal kan de finne pTro der de tidlegare høyrde Radio Nordvest. Vi er takksame for forbønn for både lyttarar og tilsette i pTro. For meir informasjon om pTro og sendeplan, sjå ptro.no