
1.mars tok Kristin Barlaup Martinsen over som dagleg leiar i barnehagen i Torvikbukt. Det er kjekt å gje over ansvaret til ei som kjenner barnehagen godt.
I Torvikbukt ligg Nordmøre sin einaste Preg-barnehage, Preg Torvikbukt. Misjonssambandet starta barnehagen i bedehuset i 1978.
God trivsel.
Barnehagen, som til å begynne med var halvdagsbarnehage, var den første barnehagen i Gjemnes kommune. Den blei etter få år gjort om til heildagsbarnehage, og har gjennom alle desse åra tjent bygda med barnehageplassar.
Barnehagen har eit godt omdømme, og er som einaste barnehage ein viktig institusjon i bygda. Stort sett alle foreldre i bygda nyttar barnehagen vår til sine barn, noko vi ser veldig stort på. Dei tilsette er glade i arbeidsplassen sin, og det er trivsel blant barn, foreldre og personalet.
Vekslande barnetal
Etter mange år med barnehagedrift i bedehuset, tvinga behovet både for oppgradering og utviding av lokala seg fram. I 2018 blei huset renovert og påbygd, og vi fekk gode, rommelege og trivelege lokaler. Barnetalet var også stigande, og vi kunne åpne to adskilte avdelingar.
I ei lita bygd som Torvikbukt, og i heile kommunen, svingar barnetalet. Dei siste tre-fire åra har vi hatt drastisk nedgang, der barnetalet har blitt halvert. Det har gitt oss utfordringar i forhold til organisering, bemanning og økonomi, noko som har tvinga fram nedbemanning. Det er trist og vanskeleg for alle, men vi har kome godt gjennom det. No begynner vi å sjå eit svakt oppsving i barnetalet igjen, noko som vi gler oss over.
Ny dagleg leiar
1.mars fekk barnehagen ny dagleg leiar. Etter 25 år i barnehagen, har eg gått over på AFP-pensjon. Då var det veldig kjekt og trygt å kunne gje roret over til Kristin Barlaup Martinsen, som har vore tilsett i barnehagen sidan 2015. Ho kjenner barnehagen godt og har sagt ja til nye utfordringar.
Det er fint og stort å tenkje på at gjennom alle desse åra har bygdas barn fått bli kjent med Jesus gjennom bibelforteljingane, kristne barnesangar og kristne verdiar. Eg har vorte veldig glad i visjonen vår «Sammen om å sette verdifulle spor». Tenk at vi saman får sette verdifulle spor i barna, i kvarandre, i bygda og i dei vi omgås i kvardagen, -eit stort privilegium! Vær med og be for barnehagen vår!
Barn løper for barn
Her om dagen gjekk misjonsløpet «Barn løper for barn» av stabelen i barnehagen. Barn, foreldre og personalet sprang runde etter runde rundt barnehagen, der familiane sponsa barna til inntekt for Ung global. Eit artig og vellykka arrangement.