
I dag har me storfint besøk på kontoret. Det er nemleg tid for fyrste møte med nyvalt tilsynsråd i regionen.
På Regionårsmøtet 2025 vart det valt regionalt tilsynsråd og idag var Atle Ølstørn og Johan Jensen på regionkontoret på lunsj. Etterpå gjekk dei og Sigfred, regionleiar som og er ein del av tilsynsrådet, vidare til meir seriøse saker.
Både Atle og Johan har god fartstid i Misjonssambandet og er klare for å ta fatt på nye oppgåver og nytt ansvar. Ettersom regionalt tilsynsråd er ei ny ordning er likevel begge spente på kva rolla vil innebere. Det regionale tilsynsrådet har ansvar for nye tilsettingar i regionen, bidreg på regionårsmøtet og rådsmøtet, og har eit overordna andeleg tilsynsansvar i regionen. Allereie i dag er dei godt i gang med arbeidet og jobbar seg gjennom den nye læreplanen til Ung:Disippel Midt-Norge.
Tilsynsrådet er eit viktig tillitsverv i regionen og me håpar de vil vera med å legge dei i Guds hender. Me retter ein takk til både Atle og Johan for at dei er villige og stiller opp, og ynskjer heile tilsynsrådet lukke til og Guds visdom inn i rolla.