Laptop og kaffikopp på bordet

Ekstraordinært regionårsmøte

Det nærmar seg ekstraordinært årsmøte. Delegatane kan gjera det unna på få minutt.

Regionårsmøtet i april vedtok å halda eit ekstraordinært årsmøte til hausten. Dette fordi valkomitéen ikkje hadde fått kandidatar til det nye tilsynsrådet som ein i fjor vedtok skulle opprettast.

For å gjera dette best mogeleg tilgjengeleg for så mange som råd, vil dette verta avhalde som ei digital avstemming i tidsrommet 23.-24. september.

Fire kandidatar
På årets generalforsamling vart det gjort to endringar i normallovene for regionar rundt tilsynsrådet. Den eine er at ein gjekk bort frå at det ikkje skal vera fleire kandidatar enn plassar som skal fyllast, og det andre at det skal veljast to vara i staden for berre ein. Begge desse endringane må det ekstraordinære regionårsmøtet ta stilling til.

Det skal veljast to representantar til det regionale tilsynsrådet, samt to vara. Dei som stiller til val er (i alfabetisk rekkefølge etter etternamn): Svenning Bjørke, Ole Martin Brennsæter, Bård Hauge og Lars Gaute Jøssang.

Skjema
Heile årsmøtet vil verta avhalde ved at delegatane fyller ut eit skjema som det ligg lenke til i innkallinga. I tillegg til å identifisera seg med namn og kva lag dei representerer, er resten enkle avkryssingar – for godkjenning av innkalling, fullmaktsnemnd og stemmeprosedyre, samt for dei to ein ønskjer skal koma inn i tilsynsrådet (nr. 3 og 4 vert vara).

Obs: Skjemaet vil berre kunna lesast og fyllast ut i tida tysd. 23. kl 06:00 til onsd. 24. kl 23:59.

Kven kan stemma?
Alle lag (også barne- og ungdomslag) og foreiningar kan ha to delegatar (over 15 år), altså gje to svar. Større forsamlingar med over 50 medlemmer kan i tillegg ha ein ekstra delegat pr 50 fleire medlemer.

Er du leiar?
Alle leiarar av eit lag, foreining, forsamling eller liknande, skal ha fått ein e-post om valet. I den er det og ei lenke til skjemaet. Hugs å senda det vidare til dei som skal vera delegatar!

Er du medlem?
Ta kontakt med leiaren din om du har innspel eller ønskjer å vera delegat. For å kunna stemma, må leiaren senda deg eposten med lenke til skjemaet.

Hjelp å få
Om du skulle trenga hjelp undervegs, er det nokre personar du kan ringa til. Namn, nummer og tidspunkt kjem her i løpet av mandagen.