Datamaskin

Regionalt tilsynsråd

Som siste region fekk me på plass regionalt tilsynsråd her i vest på vårt ekstraordinære digitale regionårsmøte 23.-24. september.

Valet vart gjennomført med 83 godkjende stemmer..

Valresultatet vart som fylgjer:
Bård Hauge, fast medlem
Svenning Bjørke, fast medlem
Ole Martin Brennsæter, 1. vara
Lars Gaute Jøssang, 2. vara

KONSTITUERING
Rådet har konstituert seg med Bård Hauge som leiar og Svenning Bjørke som nestleiar. I tillegg er regionleiar medlem i rådet.

Portrettbilde av Bård H
Bård Hauge:Leiar av regionalt tilsynsråd Privat

GRUNNLAG OG BAKGRUNN FOR TENESTA
Generalforsamling i Misjonssambandet vedtok i 2022 å etablere ein ny organisasjonsstruktur. Dokumentet «Tilsynsordningen i Misjonssambandet, vedtatt i hovedstyret 9. juli 2025» (aktuelt dokument startar på side 11) ligg mellom anna til grunn for tenesta .

 
KORLEIS ARBEIDE PÅ BESTE MÅTE REGIONALT?
Som siste region ut er me på veg ut frå startgropa. Sjølv om tilsynstenesta inneber eit særskilt hyrde- og læreansvar, ser me det som avgjerande at me utformar arbeidsrutinar i lag med dei me er sette til å tene.

Med bakgrunn i ei samla oversikt over strukturen i dag i våre fem Misjonssambands-forsamlingar og seks fellesforsamlingar med ImF, vil me setje oss grundig inn i gjeldande dokument og opprette dialog med dei ulike misjonsfellesskapa i det lokale arbeidet.

Me ser det som viktig at det må fungere i praksis og opplevast meiningsfullt for alle misjonsfellesskap både for smågrupper, forsamlingar og andre misjonsfellesskap uavhengig av korleis dei har valgt å organisere seg på dette området.

Som det framgår av pkt. 5.3 i grunnlagsdokumentet (side 42 i pdf-fila, eller side 31 i «Tilsynsordningen i Misjonssambandet») skal me som regionalt tilsynsråd også forhalde oss til regionårsmøtet, regionstyret, leiargruppa i regionen, rådsmøtet og nasjonalt tilsynsråd.

Portrettbilde av Svenning B
Svenning Bjørke:Nestleiar i nasjonalt tilsynsråd Privat

Me ser fram til eit viktig arbeid til beste for deg som les dette. Be for oss som fekk denne tenesta at me må finne gode samarbeidsformer på alle plan.

 
NASJONALT TILSYNSRÅD
Etter at nasjonalt tilsynsråd var valgt og konstituert laurdag 11. oktober på rådsmøtet på Fjellhaug, vart Svenning Bjørke frå region vest valt til nestleiar. Thor Fremmegård vart etter konstitueringa leiar. I tillegg vart Frank Vorhaug, Jostein Skartveit og Jan Ove Selstø faste medlemmer. Jan Erik Lehre og Lars Kjetil Emblem er varamedlemmer. Valperioden er på 3 år. Det nasjonale tilsynsrådet forheld seg primært til sentralstyret og rådsmøtet.