«Er livet mer enn dette? Hvem er Jesus? Hvorfor døde Jesus? Hvordan kan jeg tro?» Kan du sjå for deg fleire grupper som sit rundt bord og samtalar om dette? I vår opplevde vi sju slike kveldar i Vanylven, nokre gongar kom over 30.
- Vi har lyst å tipse fleire om å arrangere Alpha, seier Alf Kåre Rønnestad, initiativtakar til kurset,difor deler vi gjerne våre erfaringar. I fjor var det omtrent 30 000 kyrkjer og organisasjonar som arrangerte Alpha rundt om i verda.
Her er nokre stikkord om start og gjennomføring:
Initiativ: Samrådingsmøte for bedehusa, korleis få kontakt med yngre? Idé: Alphakurs!
Bønn: Frå første stund var det klart at her trengs det bønn, heile vegen.
Organisering: Ei gruppe med folk frå fleire bygder vart valt.
PR: Idémyldring i gruppa: Korleis invitere, finne nøkkelpersonar som kaninvitere i sine nettverk. Knallbra brosjyre vart laga av ein i gruppa.Facebook: Felles bedehusside og bygdesider vart brukt.
Innhald: 15 gode undervisningsfilmar på vel 20 minutt der to unge programleiarar let oss møte viktige spørsmål i livet.. Menneske deler livserfaringar og vitnesbyrd. Ikkje-truande kjem også til orde. Alpha sin grunnleggar, Nicky Gumbel, har fleire gode innslag med undervisning. Filmane er teksta på norsk.
Vanylven: 7 kveldar / 7 tema i denne omgang.
Stad: Gudshus eller nøytralt hus? Hakallestranda bedehus vart valt, dei har mannskap til å ordne det praktiske.
Alphakveld: 1900 – 2100. Ein halv time kveldsmat, så film, så samtale i grupper.Underskrivne var med og hjelpte med praktisk tilrettelegging.
Gruppeleiarar: Stor glede over at kristne med ulik alder tok ansvar. God hjelp av deltakar- og leiarhefte som vart bestilt.
Økonomi: Bedehuset dekte utgiftene, og frivillige gåver gjorde at det gjekk i balanse.
Alf Kåre Rønnestad var den som kasta fram idéen om Alpha og stod som lokal leiar av kurset.
– Kva var motivasjonen bak kurset?
– Vi ønskjer å få fleire unge med og vi ønskjer å dele evangeliet. Og så såg vi dette som ei anledning til at alle kristne kunne gjere noko ilag.
– Ser du resultat?
– Fornying! Glede over å kunne samtale om trua! Yngre gruppeleiarar! Og filmane opna augene for evangeliet. Nokre av dei som kom, går ikkje ofte på kristne møte.
– Og så må eg legge til at Alpha vart ein snakkis i bygdene. Eg er sikker på at dette vart eit kall også for fleire som ikkje kom!
– Kva tenkjer de om vegen vidare?
– Ei bibelgruppe for kvinner startar til hausten, og vi tenkjer på å dele mannsgruppa vår. Og kanskje blir det no lettare å få til eit nytt kurs. Gud kallar på folk!
Meir info om Alpha: norge.alpha.org (her kan du også sjå filmane på førehand)