Det skjer store ting både rundt oss og hjå oss. Ser me det? Og kva gjer me med det?
… og sjå markene, dei kvitnar alt mot hausten (Joh 4,35b). Dette skjer for augo våre no.
I England
Vi har fått rapportar om stor tilstrøyming av menneske i kyrkjer i England. 50% fleire gjekk regelmessig til kyrkje der i 2024 målt mot oppmøte i 2018. I aldersgruppa 18–24 år er talet firedobla og meir enn tredobla i aldersgruppa 25–34 år. Menn er her i stort fleirtal. Du kan lese meir om dette i rapporten «The Quiet Revival». Her går det fram at nærmast kvar 3. person som ikkje går fast til kyrkje, er open for å delta på gudsteneste ved invitasjon frå ein ven eller familiemedlem.
I Bergen
I rapporten «Bergen Monitor 1.0», utgitt av Beveg Bergen, ei foreining av ulike kyrkjer, forsamlingar og felleskap i Bergen, kjem det i år fram at blant våre ca 295.000 innbyggjarar reknar over 20.000 seg som aktive deltakarar i fellesskapa. Liknande rapportar er utarbeida også for Oslo og Kristiansand.
Kvar 4. person i Bergen svarar at det er svært aktuelt eller ganske aktuelt å gå på gudsteneste i ei kristen kyrkje eller forsamling. Det tilsvarer over 70.000 menneske i Bergen. Enno er kvinnene i fleirtal blant desse, og det indikerer at me som vanleg ligg tidsmessig noko etter England. Rapporten er omtala både i Dagen og Vårt Land. Du finn omtale av rapportane på www.salem.no/lytt (høsten 2025 - Salemkveld 14.10.2025).
Rapporten syner at det temaet som engasjerer mest, er trua sin plass i kvardagen, tett fylgt av einsemd og utanforskap. Ekteskap, samliv og familie engasjerer mykje, deretter bøn og åndeleg vekst.
I region vest
I 1991 kom kantaten «Det brenn ein eld» ut, med songen «Åkrane kvitnar mot hausten.»
No ser vi at Gud arbeider. Fellesskapa har ikkje gjort noko annleis i år enn tidlegare, bortsett frå at vi no ser ei sterk satsing på Alpha-kurs. Nye menneske oppsøkjer fellesskapa og spesielt unge menneske kjem.
Vi ser vaksne som er proaktive fordi nære familiemedlemmer har kome til tru, og no vil dei også tru. Vi høyrer om menneske som oppsøkjer kyrkjer etter å ha googla «kirke» og går til det næraste felleskapet som då dukkar opp på internett. Vi ser etterspurnad etter bibelundervisning og bibelgrupper. Vi ser trong til å dele som i 1. Kongebok 7,9, då det var hungersnaud i Samaria og dei 4 spedalske hadde funne mat i overflod: «Men så sa dei til kvarandre: Det er ikkje rett det vi gjer. Dette er dagen då vi kan koma med ein god bodskap.»
Ute på felt
Bergfrid Almelid, som er vår utsending til Mali/Elfenbenskysten, har no etablert seg i Guinea etter at det vart for farleg i Mali. Og der, i ei lokal kyrkje, spør dei om ho kan gje dei bibelundervisning. Det ser ut til å legge seg til rette med Al Massira, som betyr reisa – ein open stad for å vandre med profetane og møte Messias. Snakk om ferdiglagde gjerningar. Be også for dette arbeidet.
Meisteren er her og spør etter deg
Joh 4,38: «Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidd med. Andre har arbeidd, og de er komne inn i arbeidet deira.»
For å hauste dei kvite markene som vi no ser, heime og ute, har vi auka budsjettet vårt i regionen i 2026, i tru til at Herren minnar nettopp deg om å auke di faste gjevarteneste og legge inn årleg regulering. Vi ber frimodig om 7-sifra auke regionalt. Slik kan du vere med på Herrens verk.
I Malaki 3,10 oppfordrar Herren oss til å prøve Han, ved gi Han heile tienden. Tar du sjansen på å la vere?
Luk 16,9: «Og eg seier dykk: Vinn dykk vener ved den urettferdige mammon (pengeguden), så dei kan ta imot dykk i dei evige bustadene når han sviktar.» Det å møte igjen menneske i Himmelen som ved ditt bidrag vert vunne for Guds rike, heime og ute, må vere noko av det største vi kan vere med på.
Signe ditt kall og di teneste, og takk for at nettopp du står med også i 2026!
Denne artikkelen stod først på trykk i regiondelen av Utsyn nr 11/25.