Dette er misjonsprosjektet som Vestborg-elevane samlar inn til dette året.
Under 1 % av befolkninga i Japan er kristne – kjennskapen til Bibelens Jesus og evangeliet er omtrent fråverande i det Japanske samfunnet. Det er stort behov for misjon, for forkynning og undervisning om kven Jesus er. «Derfor har vi valt dette som vårt misjonsprosjekt», seier elevane får Vestborg. «Vi vil vere med på å gi evangeliet til Japan, og særleg til unge på vår eigen alder».
5 grupper frå russeklassen er på turne og har møter. Interessa for Vestborg rundt om i regionen er stor, og oppmøte på bedehusa har vore god. På Kårvåg bedehus på Averøya var bedehuset fullt og elevane fekk inn kr 10.000 til misjonsprosjektet. Målet for russen er å samle inn 600.000 kr. til misjonsarbeidet i Japan.
Vår gruppe har på møta sett fokus på misjon både gjennom opningsord, misjonsinformasjonen, songane og talen, seier dei 4 elevane på gruppa.
Har du lyst til å være med å støtte russen til å nå sitt mål? Da kan du støtte ved å bruke Vipps-nummer: 129159