Bildet viser Kari og Arne-Johan som står foran Solhøgda leirsted

Med Solhøgda i hjarta

«Alt har si tid, det er ei tid for alt som hender under himmelen» skriv den vise kong Salomo. Og for Kari og Arne-Johan Gagnat er eit tidsskifte på gong.

Etter 46 år (!) som krumtappar på Solhøgda leirstad i Ålvundfjord held ordet «pensjonist» på å bli ein realitet for ekteparet. 

– Eg kom hit i 1979 og Kari kom året etter då vi gifta oss. Sidan har vi vore her Vi opplevde at dette var staden Gud ville vi skulle ha vår teneste. Dette har vore meir enn ein jobb. Solhøgda vart kallet vårt. Elles hadde vi aldri blitt her så lenge, fortel seier Arne-Johan. 

Å drive leirstad

Som mange andre leirstadar vart Solhøgda leirstad bygd på 60-talet. Mykje har endra seg sidan den tid. Arbeidslyst, kreativitet og skaparglede kjem tydelegvis godt med for eit styrarpar.  

– Vi har jamt og trutt gjort oppgraderingar på bygg og på den 19 mål store tomta. Det skal vere kjekt å vere på Solhøgda. På same tid har krava til brannvern, tilbereding av mat, hygiene, regnskapsføring olignande blitt strengare. Gode tiltak, men også med på å auke investerings- og driftskostnadar, fortset han. 

– Leirskuledrifta er viktig for oss» seier ekteparet. Kvart år arrangerar Solhøgda leirskule i 9-10 veker. – Travelt, men fantastisk kjekt! Det varmar når vi opplever takksemd og glede over opphaldet. Når alle i bussen gret fordi dei må reise heim har vi gjort noko rett. Også i leirskulevekene har vi ein klar kristen profil, med både ord for dagen og bordvers ved måltida. 

Noko anna som varmar er dei mange gode hjelparane. – Vi har ikkje tal på kor mange arbeidstimar som har blitt lagt ned av folk som er glade i Solhøgda. Nokre bur like ved, andre er langvegsfarande. Det hadde aldri gått utan dei. Og mange vener har vi fått, seier ekteparet.  

 

Framtida for Solhøgda  

– Vi ser på Solhøgda som ein misjonsstasjon. Å få legge til rette for at både unge og eldre får høyre om Jesus har vore  det største og viktigaste for oss, seier Arne Johan, og fortset: 

– Vi er takksame for at drifta har gått i pluss med eit lite overskudd dei fleste åra. Leirskulen, bygd opp gjennom mange år, er viktig også økonomisk. Her er store muligheiter for å utvikle Solhøgda vidare. Men alt vi gjer har eit åndeleg sikte. Difor håpar og ber vi om at nokon kan sjå det som sitt kall å drive vidare.  

 

Vegen vidare for Kari og Arne-Johan 

– Noko av det første vi gjekk i gong med då vi kom til Solhøgda var å få bygd tenestebustad, like nedanfor leirstaden. Der har vi budd alle desse åra. Der har dei fire borna våre vakse opp, – og med Solhøgda. Mange opplevingar – mange minner, fortel Arne Johan. 

– Alle må fylle oppgåvene på sin måte, men for oss er det ikkje til å kome forbi at det har blitt ein livsstil å vere på Solhøgda. Ikkje alt i livet har vore lett, men vi har kjent på Guds velsigning heile vegen. Og vi har eit ynskje om at det Solhøgda står for skal få fortsette. 

– Det blir ei stor forandring for oss å slutte, – ja faktisk er det ein sorgprosess vi går gjennom. Vi har vel fortrengt det litt, skuva det framfor oss. seier Arne-Johan. 

– Vi har arva eit hus og er ikkje bekymra for kva vi skal ete eller kle oss med, seier Kari. – Likevel er det mange val som må gjerast og helsa er heller ikkje heilt som før. Tanken på pakking, rydding og flytting er litt overveldande no. Men vi har opplevd Guds velsigning og Guds leiing inntil i dag og vi har tillit til at han vil ta seg av oss vidareseiar ho til ein avslutning. 

 

Denne saken ble først publisert i regionutgaven av Utsyn. Utsyn er Misjonssambandets organisasjonsblad, og kommer ut 12 ganger i året. Fire av disse er regionutgave. Regionutgaven av Utsyn er gratis. Ønsker du å få tilsendt dette eller ønsker du å bli abonnent? Kontakt oss på abonnement@nlm.no / 22 00 72 00.
Alle regionutgavene kan også leses her: https://utsyn.no/regionsider/misjonssambandet-nordvest